Ahmed Al-Samarray og Erik Jensen har brukt seismikk under drivinga av to transporttunnelar i Arsvågen i Bokn kommune, og begge meiner det kan bli nyttig når hovudløpa ved Rogfast-prosjektet skal sprengjast. Foto: Øyvind Ellingsen

Rogfast: - Seismikk i tunnel innfrir

Ahmed Al-Samarray og Erik Jensen i Statens vegvesen er dei fyrste i Noreg som skal bruke seismikk under tunneldriving.

Rogfast blir med 27,6 kilometer den lengste og med ei djupn på 392 meter, den djupaste vegtunnelen i verda. Lengda og djupna gjer at det er mykje usikkerheit knytt til bergkvaliteten. Geologirapporten viser tre typar svakheitssoner og at det er antatt 24 soner med svakt havbotn-fjell i den dårlegaste klassa. (klasse III), skriv Statens vegvesen.

- Det blir krevjande, men ikkje verre enn kva dyktige entreprenørar vil løyse, seier byggjeleiar på Kvitsøy-kontakten Sveinung Brude. Han var også byggjeleiar for den 24,5 kilometeren lange Lærdalstunnelen, som opna i 2000.

Seismikk gir meir informasjon

Med seismikk kan bergkvaliteten som ligg 100–150 meter framover frå tunnelstuffen (tunnelveggen) blir kartlagt.

– Ulempa med tradisjonell seismikk frå havbotn er at nøyaktigheita blir mindre dess djupare tunnelen er. Rogfast skal ned til 392 meter, som betyr at vi ikkje har gode nok data på svakheitssonene og den generelle bergkvaliteten, seier Ahmed Al-Samarray.

Han har saman med Erik Jensen brukt seismikk under driving av dei to 1900 meter lange transporttunnelane i Rogfast

- Med å bruke seismikk på stuff får vi meir nøyktige data 150 meter framover, seier Jensen.

Mindre kjerneboring

Ved bruk av seismikk på stuff forventar byggjeleiinga at ein vil bruke mindre kjerneboring. Årsaka er at å starte kjerneboring kan vente til dataene frå seismikken viser ei aktuell svakheit i geologien, skriv Statens vegvsen.

– Vi forventar å bruke kjerneboring til å kartleggje geologi der det er svakast berg. Det vil bli brukt tradisjonell prøveboring for å kartleggje vannlekkasje og behov for injisering av berget, seier byggjeleiar Sveinung Brude.

Bratt læringskurve

Den 700 meter lange transporttunnelen utanfor Stavanger er ferdig sprengd, mens det er nokre hundre meter igjen før dei to 1900 meter lange transporttunnelane på nordsida er ferdig sprengde.

– Læringskurva er bratt, og det er fleire arbeidsoperasjonar som har gått raskare enn vi hadde føresett. Montering, lading og skyting av seismikk på stuff tek mykje kortare tid enn venta. Ved å nytte det som heiter, gruppeskyting, som inneber at alle 24 hol blir delte inn i fire grupper (seks hol i kvar gruppe) og kvar gruppe blir skotne kvar for seg med eitt sekunds mellomrom, bidrar til ein betydeleg auka effektivitet, fortel Ahmed Al-Samarray.

Erfaringa etter fleire månadars testing har prosesseringa (tolking av data) teke lenger tid enn det dei to kontrollingeniørane forutsåg.

Stor tru på metoden

– Vi brukar nå to tre dagar på å lese resultata, men vi reknar med at vi med meir erfaring vil bruke ein dag, fortel Erik Jensen

– Alt i alt, så har vi god erfaring med å bruke seismikk under drivinga, og resultata er riktige målt mot bergkvaliten vi forserer undervegs, utdjupar Al-Samarray.

Begge meiner at dei nærmar seg målet – å utnytte seismikk-teknologien under tunneldriving.

– Vi har stor tru på denne metoden, seier Ahmed Al-Samarray.

Havbotn-fjellet i Rogfast-traséen består av mange forskjellige bergartar, og det er også uvisse knytt til lausmassane(klikk for større versjon). Illustrasjon: Statens vegvesen.