Vartdal Plastindustri kjøper majoriteten i Løvold Industri

Vartdal Plastindustri AS satsar i nord, og kjøper majoriteten av aksjane i Løvold Industri AS i Bodø.

- Vartdal Plast tek med dette eit nytt, viktig steg i satsinga på den norske byggevaremarknaden og styrkar samtidig posisjonen innan ferskfiskemballasje, heiter det i ei pressemelding.

Sidan Vartdal Plast starta byggsatsinga på midten av 90-talet har Vartdal Plast gradvis bygd seg opp til å verte ein landsdekkande produsent og distributør av byggevarer til dei norske byggevarekjedene. Løvold Industri har i fleire år vore ein viktig samarbeidspartnar for Vartdal Plast og gjennom dette samarbeidet har Vartdal-produkta hatt ein marknad i den nordlege delen av Noreg. Dette er såleis ei naturleg utvikling for at Vartdal-produkta skal verte tilgjengelege for endå fleire kundar nord for Trondheim. 

- Dette vil betre tilgangen på våre produkt også i den nordlege delen av Noreg, noko vi trur vil bli tatt godt imot av aktører innenfor byggevare, fiskeri og oppdrett, seier dagleg leiar i Vartdal Plastindustri AS, Jan Endre Vartdal. 

- Fiskeri og oppdrett er viktige næringsvegar i den nordlege delen av Noreg. At Vartdal Plast går inn på eigarsida i Løvold Industri, vil også føre til at fleire emballasjeprodukt og gode løysingar vil verte tilgjengeleg for ei større kundemasse, melder selskapet. 

- Dei nordlege fylka, Nordland, Troms og Finnmark, har mykje verdiskaping og vi ser eit stort potensial i å få eit endå betre fotfeste i denne regionen. Gjennom dette blir vi ein slagkraftig og leveringsdyktig byggevare- og emballasjeleverandør i dei nordlege fylka, med eit stort varespekter og stor fleksibilitet, legg Vartdal til. 

- Vi ser fram til å få Vartdal Plastindustri AS inn på eigarsida. Dette er eit selskap som har vist stor evne til omstilling og innovasjon og som vi har tru på vil bidra til å løfte Løvold Industri AS, og samtidig utnytte dei mange moglegheitene som fins i vårt naturlege nedslagsfelt, seier dagleg leiar i Løvold Industri AS, John-Henrik Løvold.