Den lokale bedrifta er frå før entreprenør for den sjette entreprisen på støytiltak og har dessutan røynsle med støytiltak på hus kring Ørland flystasjon frå nokre år tilbake, heiter det i ei pressemelding.
Storleiken til kontrakten er på 25 mill. inkl. mva og inneheld tiltak på til saman omlag 70 hus.
Omlag 25 av husa er SEFRAK-bygg. Dette vil sei bygg (i hovudsak eldre enn år 1900) som er registrert som kulturminne i SEFRAK-registeret, og som inneber at bygget sin verneverdi vert vurdert når det skal gjerast tiltak på det.
Arbeida er venta å starta opp i løpet av januar 2019.
Entreprisar støytiltak
Entreprisar for utføring av støytiltak er delt opp i totalt 12 uavhengige entreprisar. Entreprise 10 vart lyst ut på Mercell 15. november 2018.
Totalt har 1.250 undersøkingar vorte utførd for å avdekkje behov for støyreduserande tiltak. Per 1. november er 748 hus prosjektert og 700 avtalar inngått. 344 hus er i prosess og 285 hus er overlevert til huseigar med ferdige tiltak.
Brev om ikkje tiltak
Rundt 500 hus er venta å ikkje ha krav på støytiltak etter utført undersøking, då dei oppfyll krava til innandørs lydnivå utan at tiltak vert gjennomført. Halvparten av desse husa fekk brev om dette i fjor vinter, mens den siste halvparten kan venta å få brev om det i nær framtid.
- Nøkkelord
- Bygg
- Kontrakter