Illustrasjonsfoto

Fylka skal administrere fylkesvegane

– Regjeringa har konkludert med at ansvaret for å administrere fylkesvegane skal overførast til dei nye fylkeskommunane. Det er fylka som har det juridiske og økonomiske ansvaret for vegane, og ei overføring av fylkesvegadministrasjonen vil styrke fylkeskommunane i arbeidet med fylkesvegane, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Regjeringa har konkludert med at den delen av sams vegadministrasjon som gjeld fylkesvegane, i heilskap skal overførast til fylkeskommunane. Overføringa er ein del av regionreforma, kor fleire statlege oppgåver blir overført til dei nye fylkeskommunane.

– Ei overføring av administreringa av fylkesvegane gir fylka moglegheiter for å styrke deira rolle som samfunnsutviklar. Det vil gje klarare rapporteringslinjer og betre samhandling mellom fag og politikk på regionalt folkevald nivå. Dette er også noko fylka sjølv ønsker, seier Dale.

Overføringa gjeld oppgåver knytte til utgreiing, planlegging, bygging, forvaltning, drift og vedlikehald av fylkesveg. For laupande driftskontraktar vil det måtte etablerast overgangsordningar. Oppgåver knytt til tryggleik og beredskap og ansvaret for Nasjonal vegdatabank og vegtrafikksentralane skal vidareførast som nasjonale oppgåver i Statens vegvesen.

Departementet legg til grunn at det vil vere tilsette i Statens vegvesen som er direkte omfatta av reglane om verksemdoverdraging etter arbeidsmiljøloven. For dei fleste av dei tilsette vil ikkje reglane om verksemdoverdraging gjelde. Overføring av dei tilsette dette gjeld, skal søkast løyst gjennom dialog og avtale mellom Statens vegvesen og fylkeskommunane. Avtalene skal ta utgangspunkt i behova til fylkeskommunane og omsynet til dei tilsette. I avtaleforhandlingane vil det bli lagt til grunn at dei tilsette skal ha rettane som gjeld for verksemdoverdraging etter arbeidsmiljøloven. Det vil ved offentleg høyring av lovforslag bli foreslått at dette blir lovregulert. Departementet vil ta endeleg stilling til behovet for lovregulering etter høyringa. Fylkeskommunane vil få overført budsjettmidlar for tilsette som blir overført, og der staten ikkje dekker kostnadene i dag.

Regjeringa tar sikte på at overføringa skjer 1. januar 2020, eller seinast 1. januar 2021, men tidspunktet vil bli endeleg avklart når ein tidsplan for arbeidet med avtale om overføring av tilsette er klarlagt.