Entreprenøren jobba natt til onsdag for å reparere det øydelagde gassrøyret. Foto: Statens vegvesen

Gassuhell på anleggsarbeid

Eit gassrøyr blei tysdag kveld øydelagt under Statens vegvesen sitt vegarbeid ved Sola skole. 

- Uhellet påverkar ikkje framdrifta i prosjektet, melder vegvesen.no.

Tysdag kveld var entreprenøren i ferd med å sette opp støyskjerming langs Tanangervegen ved Salem bedehus då ein boremaskin laga hòl i Lyse sitt metangassrøyr.

- Vi er først av alt glade for at ingen blei alvorleg skada i uhellet. Så må vi finne ut kvifor uhellet har skjedd, seier fungerande prosjektleiar i Statens vegvesen, Anne Margrethe Skretting.

I natt har entreprenøren jobba med å grave opp og fikse røyret.

- Vi har avdekka ein feil i fundamentet til støyskjerminga, som også skulle ha beskytta gassrøyret. Årsaka til feilen veit vi ikkje. Det jobbar vi nå med å undersøke nærmare, seier Skretting.

Ho forsikrer at framdrifta i prosjektet ikkje vesentleg blir påverka av hendinga.

- Vi skal vere ferdige med firefeltsvegen i midten av oktober, seier ho.