Første E39-kjøp i euro

Statens vegvesen har for første gang skrive kontrakt om innkjøp i euro på E39 Svegatjørn–Rådal. Dette gjeld skilt-kjøp.

Prosjektet har inngått kontrakt med Roxel Infra AS, Stavanger på leveransen, som er på drøye 294.000 euro. Det var tilsaman sju firma som leverte pris på kjøpet av variable fartsskilt til motorvegprosjektet, melder vegvesen.no.

Grunngjevinga for å be om pris i euro er at dei aktuelle skilta ikkje blir produserte i Norge. Leverandøren må difor betale for skilta i euro. Statens vegvesen vurderer det slik at kostnaden hadde blitt høgare dersom leverandør skulle ta valutarisikoen. No tek byggherre eventuell risiko her. Men då er det og mogleg at det blir ein gevinst for etaten, med ei gunstig utvikling på valuta-kursen gjennom byggeperioden.

Val av leverandør er gjort på grunnlag av lik vurdering av pris og kvalitet.

Det vil seinare bli lyst ut ein annan skilt- og signal-leveranse til prosjektet der prisane vil vere i euro.