Forsvarsbygg inngår avtale med HENT på Ørland Flystasjon

Forsvarsbygg har inngått kontrakt med HENT AS om gjere bygningsmessige tiltak på støyømfintlege bygg inne på Ørland flystasjon.

– Avtalen er ein viktig del av utviklinga av Ørland flystasjon, og vil bidra til å trygge eit godt arbeids- miljø inne på flystasjonen, seier Jens Levi Moldstad, utbyggingssjef i Forsvarsbygg kampflybase.

Prosjektet «Støytiltak på bygg inne på basen» skal ta vare på brukars behovfor eit godt arbeidsmiljø inne på flysta- sjonen. Krav til innandørs lydnivå er gjeve i føresegner til reguleringsplana for Ørland Flystasjon samt Arbeidsmil- jølova. Prosjektet sitt føremål er å gjennomføre tiltak slik at føresegner knytt til innandørs lydnivå er oppfylt.

Dette inneber å gjere bygningsmessige tiltak på bygningar inne på basen med eit støyømfintleg bruksformål, som ikkje fyller krava til innandørs lydnivå og/eller arbeidsmiljølova. Denne kontrakten gjeld tiltak på tak/fa- sade/skifte av vindauger og ventilar med meir. Type og omfang av tiltak kjem an på utandørs støynivå, byggets lyd- dempande eigenskapar derunder konstruksjon og standard, samt byggets plassering og tiltenkte bruk/aktivitet.

Eksisterande byggemasse som har krav på støytiltak i denne entreprisa er:

· Forlegningar og kvarter

· Kontorar

· Verkstadar

Totalt skal det utførast tiltak på 14 bygg.

Byggestart finn stad i mars, med ei byggetid på ti månader. Kontraktsummen er på 16.010.713 kroner (inkl. mva.).