Cato Aurstad og Jo Stian Tverberg

Ny administrerande direktør i K. A. Aurstad og Aurstadkonsernet

Jo Stian Tverberg blir ny administrerande direktør for K. A. Aurstad AS og Aurstadkonsernet frå mars.2018.

Jo Stian Tverberg er sivilingeniør frå NTNU og har lang erfaring frå leverandørindustri og entreprenørbransje. Han kjem frå Tussa Installasjon AS, som han har leia sidan 2011. Han har også styreerfaring både frå næringsliv og offentlig verksemd.

- Vi har hatt ein rekrutteringsprosess med mange gode og kvalifiserte søkjarar, og har kome til et val vi er svært godt nøyd med. Jo Stian har teft for forretningar, solid leiarerfaring og er opptatt av menneska. I åra framover skal vi utvikle vår kunnskaps- og teknologibase, for å stå sterkare rusta i ei framtid med auka konkurranse og stadig større kontraktar, seier konsernsjef og hovudeigar Cato Aurstad.

- Jo Stian har dei beste føresetnadane for å leie selskapa i Aurstadkonsernet inn i framtida, og eg ser fram til å samarbeide med han, seier han.