Ill. Statens vegvesen / Norconsult

Rogfast skal bruke seismikk

Rogfast er på fleire måtar nybrotsarbeid innan norsk tunneldrift - det skal også brukast seismikk under tunneldrivinga.

I Rogfast skal Statens vegvesen for fyrste gong i norsk vegtunneldrift ta i bruk seismikk for å undersøke dei forskjellige bergkvalitetane som skal forserast. Normalt blir det brukt kjerneboring for å vite kva bergkvalitet som ventar framover i tunnelen, ein teknologi som også skal brukast under bygging av Rogfast. Seismikk skal brukast som eit supplement, melder vegvesen.no.

I juni for eit år sidan blei det utført eit testforsøk med å bruke seismikk i ein undersjøisk vegtunnel. Det var firmaet Amberg Noreg som utførde testen. Øyvind Riste frå Multiconsult er seniorgeolog for Ryfast-tunnelane, ein jobb han også skal ha for Rogfast.

- Ved begge dei to testlokalitetane i Hundvågtunnelen var dei seismiske forundersøkingane etter normal prosedyre - seismiske kablar lagt ut på sjøbunnen ved den eine lokaliteten og på terrengoverflata ved den andre lokaliteten. Desse undersøkingane indikerte begge nærværet av svakhetssoner i bergkvaliteten i det området der tunnelene skulle byggas, seier Riste til etatens nettsider.

- Men testen vi utførde i samarbeid med Amberg Noreg indikerte berre ei kortare strekninga med litt dårleg berg, men ikkje så dårleg berg som forundersøkelsene indikerte. Dessutan indikerte seismikk framfor stuff at partiet med dårleg berg var betre enn det forundersøkelsene indikerte. Dette viste seg å vere riktig då vi sprengde oss framover, legg Riste til.

Han er positiv til å bruke teknologien på Rogfast. 

- Eg trur vi med å bruke denne teknologien vil få meir nøyaktige data for forventa bergkvalitet inntil 150-200 meter føre tunnelstuffen, meiner seniorgeologen.

- Vi skal lære opp våre eigne kontrollingeniørar til å bruke utstyret, og vi gleder oss til å bruke ein teknologi som vegvesenet ikkje har brukt tidlegare, seier prosjektleiar Tor Geir Espedal.

Frå Ryfast til Rogfast

Dei to som skal bruke utstyret er også spente på å bli dei fyrste i vegvesenet som skal teste ein teknologi som til no er mest vanleg i oljeleiting.

- Det er spennande for oss å få bli med på Rogfast, som blir det neste store prosjektet etter Ryfast. At vi blir dei fyrste i Noreg som skal nytte seismikk i norsk tunneldriving er ei spennande utfordring. Vår erfaring kan hjelpe til at det blir brukt i andre prosjekt, seier kontrollingeniør Erik Jensen.

Etter planen skal han og kollega Ahmed Al-Samarray få opplæring hos leverandøren Amberg Technologies i Sveits. Der har produsenten ein test- og øvingstunnel som blir brukt til blant anna opplæring.

- Etter at vi har jobba i cirka tre og ei halvt år med tunneldriving på Ryfast, har vi erfart at drivinga tidvis har hendt utan at vi helt veit kva som ventar oss. Dette til tross for at det har blitt utført sonderboring for kvar fjerde salve, fortel Al-Samarray.

Han og Erik Jensen meiner det kan ha samanheng med at dei seismiske forundersøkelsene gir data om bergkvaliteten like under bergoverflata på sjøbotnen og at det alltid vil være usikkert kva for bergforhold som på treffast i tunnelen 50-100 meter djupare.

Opplæring i Sveits

- Desse uklare utgangspunkta, gjer at vi ofte har blitt overraska av dårleg fjell utan å hatt nokre indikasjonar på det, seier Jensen.

Begge har studert grunnleggjande seismikk på universitetet, og har interesse for faget.

- Vi er spente på å få prøve ein ny metode for spå geologien og bergkvaliteten. Målet er at vi bestiller kjerneboring basert på resultata frå dei seismiske undersøkingaene på stuff. Entreprenøren, og ikkje minst kontrollørne, har større moglegheit til å førebu seg dersom det kjem ei dårleg sone, meiner Al-Samarray, og Jensen utdjupar.

 - Men behovet for kjerneboringa kan også eliminerast, dersom informasjonen om svakhetssone er så pass tydeleg at det gir ein god indikasjon på omfanget som er i vente. At seismikken skal kunne gi informasjon cirka 150 meter framover, er ein godt utgangspunkt.

No ventar dei berre på å få opplæring i Sveits, og deretter får dei god tid på å lære å bruke utstyret i praksis. Den fyrste Rogfast-kontrakten er allereie kunngjord, og går alt etter planen går den fyrste salven av på ein toløps transporttunnel av i starten av 2018.