Ketil Asklien

Frå Undervisningsbygg til Forsvarsbygg

Ketil Asklien er tilsett som avdelingsdirektør for prosjekt og avhending i Forsvarsbygg.

Asklien er 50 år gammal og utdanna sivilingeniør frå NTH (no NTNU). I tillegg har han ein bachelorgrad i byggfag frå Østfold ingeniørskule og bedriftsøkonomistudiet frå BI.

Asklien har dei siste 12 åra jobba i Undervisingsbygg, både som prosjektleiar, seksjonsleiar og sidan 2011, avdelingsdirektør for prosjektavdelinga. Før han kom til Undervisingsbygg hadde han fleire stillingar i Selmer Skanska, og dessutan hos entreprenør Petter Kristiansen AS. Han har òg hatt tre oppdrag for Noregs Raude Kross i Sri Lanka og Afghanistan.

– Ketil har sterk fagleg kompetanse, tung leiarrøynsle og utstrakt relevant røynsle innanfor både fagområdet han skal leia, og frå eigedomsorganisasjonar. Eg ser fram til å ta imot han som ein del av leiarteamet på nyåret, seier direktør Thorbjørn Thoresen i Forsvarsbygg.

Ketil Asklien tiltrer i stillinga 1. februar 2018