Oppsetting av viltgjerde i Endalausmarka kom i gang før jul. Arbeidet held fram etter ein pause i vinter. Foto: Geir Brekke

Bygger viltgjerde langs ny E39 i Os

Det er i gang bygging av 2,5 km med viltgjerde langs den framtidige E39 og fv. 163 gjennom Endalausmarka i Os.

Viltgjerdet inngår i prosjektet E39 Svegatjørn–Rådal. Oppdraget blir utført av underentreprenør ØstCom AS, Kongsvinger. Det 2.460 meter lange gjerdet får ei høgde på 2,45 meter. Det blir 2,75 meter mellom gjerdestolpane der dei går i rett line gjennom terrenget.

Viltgjerde skal hindre at hjorten kjem inn på E39 og fv. 163. Påkøyring av hjort er eit vanleg problem for mange vegstrekningar. Seinast dei siste vekene har det vore påkøyrsler i både Kvinnherad og Åsane, melder vegvesen.no.

Dessutan er det ei høg skjering på det som skal bli den nye fv. 163 på tvers av Endalausmarka. Gjerdet skal hindre dyra i gå utfor skjeringskanten.

Det svært mykje hjort i Endalausmarka, opplyser lokalpolitikar og hjortejegar Gustav Bahus i Os.