215 mill til Bjørvikaprosjektet

Det er løyvd 215 millionar ekstra kroner for å sikra Bjørvikaprosjektet effektiv framdrift

- Bjørvika vil bli eit svært viktig knutepunkt i Osloområdet. Eg er glad for at me med denne tilleggsløyvinga sikrar ei rasjonell og effektiv framdrift på dette vegprosjektet. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at regjeringa føreslår ei tilleggsløyving på 215 millionar kroner over statsbudsjettet for 2009 til vegprosjektet E18 Bjørvika i Oslo.

- Rekkefølgja på dei ulike fasane i prosjektet har blitt endra, og store arbeidsoppgåver har kome tidlegare enn planlagt. Dermed har også større utbetalingar blitt framskunda , og det har blitt behov for 215 millionar kroner meir enn det vi gjekk ut frå då vi la fram statsbudsjettet, seier samferdselsministeren.

Med den føreslåtte tilleggsløyvinga vil det gå til saman 444 millionar kroner til E18 Bjørvikaprosjektet over statsbudsjettet for 2009.