Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

– Tradisjonshandverk må bli yrkesveg for fleire

Riksantikvarens sender no sin nye handverksstrategi på høyring. – Innspel er heilt naudsynt for at strategien skal bli eit godt verktøy, seier avdelingsdirektør Turid Kolstadløkken i ei pressemelding.

Målet er at strategien skal bidra til at eigarar og forvaltarar av freda og verneverdige bygningar, anlegg og fartøy har tilstrekkeleg og stabil tilgang på handverkarar med relevant kompetanse.

– No skal handverket løftast opp og fram. Med friske midlar til kyrkjebygga og eit stort behov for kompetente handverkarar over heile landet, så haster det å få på plass eit slikt verktøy. Vi treng fleire dyktige hender, og strategien skal bidra til at fleire vel tradisjonshandverk som yrkesveg, seier Kolstadløkken.

 – Strategien freistar å nå både over dei små og store handverksfaga. Det er ulike behov, men generelt er rekrutteringa for låg, og for nokre av dei minste faga er det kritisk, seier Kolstadløkken vidare.

Marknaden for antikvarisk istandsetting av freda og verneverdig bygningar blei i 2022 rekna til å være verdt kring ein milliard kronar årleg. Når Kyrkjebevaringsfondet trer i kraft frå hausten 2024, vil verdien av marknaden auke i stor grad.

– I framtida må vi ta i bruk fleire gamle, og ikkje fullt så gamle bygg, og då er denne kompetansen heilt uvurderleg. Tradisjonelt handverk kjem til å bli viktig for framtidas ombrukssamfunn, seier Kolstadløkken.

– Handverksutvikling er eit tema som går på tvers av fleire sektorar. Både næring, utdanning, kultur og miljø, har interesser, ønskjer og behov for utvikling av handverksfaga. Difor deltek både Utdanningsdirektoratet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og Kulturdirektoratet, saman med NHO Byggenæringen og Norsk Handverksinstitutt i styringsgruppa, heiter det i meldinga.

Frist for å sende innspel er 14. juni