Regnbogelysa i dei to gang- og sykkelvegtunnelane ved Hardangerbrua er eineståande på norske riksveganlegg. (Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen)

Regnboge ved Hardangerbrua

Sykkelturar og vandringar over Hardangerbrua blir endå meir opplevingsrikt, etter at Statens vegvesen i desse dagar har fått på plass regnbogelysa i gang- og sykkelvegtunnelane på båe sider av fjorden.

Dei fargerike tunnellysa er ein del av elektro-oppdraget for Hardangerbrua. Krejavnde prosjektering førte til at lysa ikkje kom på plass til bruopninga 17.august 2013. Etterpå gjekk entreprenøren konkurs. Buet etter konkursen har teke på seg fullføring av kontrakta, og arbeidet med dette pågår no. Eit synleg teikn er altså fargelysa i gang- og sykkelvegtunnelane på Bu og i Vallavik, melder vegvesen.no.

Det er ikkje kvardagskost med separate tunnelar for fotgjengarar og syklistar på norske riksveganlegg. Iallfall ikkje med slike dekorlys. Det var såleis med stor glede prosjektleiar Bente Johnsen Aase i Statens vegvesen markerte fullføringa av lysanlegget i lag med vertsordførarane kring Hardangerbrua, leiaren for brustyret og frammøtte turvandrarar frå bygdene kring brua.