Levende juletre best for miljøet

Kvart år produseras det nærare ein million juletre i Noreg. Juletredyrking kan vere bra både i den økonomiske og den klimamessige rekneskapen, melder Bioforsk.

Norske husstandar tek 1,9 millionar juletre inn i stovene kvart år. Om lag 1,5 millionar av desse er omsett gjennom kjøp og sal, og av desse er 600 000 importert frå utlandet.

Juletredyrking gjev CO2-gevinst
Ein skulle kanskje tru at eit tre som kan brukast på nytt kvart år, er det beste for miljøet, men plasttreet skal ha eit langt liv før det blir meir miljøvenleg enn eit levande tre.

Forureinande produksjon, transport og utslepp ved forbrenning gjer plasttreet til eit dårleg alternativ. Det beste for miljøet er nok å gå ut i eigen skog, felle eit tre med handmakt og frakte det heim per muskelkraft, men også kommersiell juletreproduksjon kan få CO2-rekneskapen til å gå i pluss.

Les hele artikkelen hos Bioforsk her.