Rapsolje effektivt sprøytemiddel

Forsking innan økologisk bringebærdyrking har vist at rapsolje blanda med grønsåpe og vatn om hausten gir vel så gode resultat mot bringebærbladmidd som konvensjonelle middmiddel.

- Sprøyteteknikken har mykje å seie for resultatet, fortel forskar Nina Trandem ved Bioforsk Plantehelse.

- Bringebærdyrkarane kan sprøyte med rapsolje og grønsåpe i fint haustver, men det må vere plussgrader, seier ho.

- Haustsprøyting har god effekt mot bringebærbladmidden. Det viser forsøka som Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og Bioforsk har samarbeidd om i fleire år, fortel Nina Trandem. Denne skadegjeraren har blitt eit stort problem i bringebærdyrkinga etter at sorten ’Glen Ample’ fekk så stor utbreiing.

- Gjennom feltforsøk på Vestlandet har vi dokumentert at to sprøytingar med rapsolje og grønsåpe eller svovel på stenglane om hausten tek knekken på ei mengd av dei overvintra middane kring knoppane. Effekten av slik haustbehandling er minst like god som den vi har registrert etter bruk av vanlege middel før blomstring i konvensjonelle felt.

Gode resultat
Metoden gir så gode resultat at konvensjonelle dyrkarar også har teke den i bruk. Sprøyteteknikken har mykje å seie for resultatet, skriv Nina Trandem, Rune Vereide og Marianne Bøthun frå Bioforsk Plantehelse og Norsk Landbruk rådgiving, Sogn og Fjordane. Dei har gjeve ut eit Bioforsk-Tema som inneheld oppskrift på korleis dyrkarane skal gjennomføre haustsprøytinga.

- Ein annan fordel er at rapsolje er lett å få tak i matbutikken, slik at ein no kan ta ein tur i matbutikken i staden for å gjere spesialinnkjøp, seier Trandem

Vaksne hodyr overvintrar
Bringebærbladmidd lever heile livet på bringebærplanter eller planter av andre Rubus-arter. Berre vaksne hodyr er i stand til å overvintre.

Angrepet startar om våren, når dei overvintrande hodyra kryp over på det nye bladvevet. Dette skjer så snart knoppane bryt og temperaturen er over 11 grader. Hodyra legg etter kvart egg, og fleire generasjonar utviklar seg, avhengig av temperaturen. Etter kvart som blada blir eldre og mindre eigna til føde, vil middane spreie seg til dei meir fristande blada på nye skot.