Pærebrann sprer seg i Bergen og omegn

Pærebrann spreier seg raskare enn nokon gong i bergensområdet. Mattilsynet oppfordrar no hageeigarar, offentlege etatar, anleggsgartnarar og birøktarar til å være på vakt mot denne svært smittsame plantesjukdommen.

Den milde og våte sommaren har ført til stor spreiing av bakteriesjukdommen pærebrann både i Askøy og i andre kommunar i bergensregionen.

Pærebrann kan ikkje utryddast frå bergensområdet med offentlege midlar, og Mattilsynet prioriterer rydding på stader med spesiell verdi, f eks rundt Arboretet på Minde, rundt planteutsal og i område for bitrekk. Andre stader i dette området må grunneigar sjølv ta ansvar og fjerne sjuke planter.

Mattilsynet arbeider med å hindre at pærebrann-smitten når fruktdistrikta i Hardanger. Eit omfattande førebyggjande arbeid vert gjennomført for å fjerne dei mest mottakelege vertsplantene i denne regionen.

Unngå spreiing med planter og bier
Mattilsynet understrekar at det no er svært viktig at alle instansar i bergensregionen gjer ein innsats slik at smittepresset av pærebrann vert redusert. Fjern sjuke planter og unngå å flytte vertsplanter for pærebrann, og bikuber frå infiserte område til smittefrie kommunar.