Store endringar i hagebruket

Talet på bedrifter med hagebruksproduksjon går ned, areala av grønsaker på friland aukar, og stadig meir arbeid vert utført av utanlandsk arbeidskraft.

Hovudfunna frå Statistisk sentralbyrå si hagebruksundersøking viser store endringar dei siste ti åra. Talet på bedrifter med hagebruksproduksjon går ned, areala av grønsaker på friland aukar, og stadig meir arbeid vert utført av utanlandsk arbeidskraft.

Les heile saka og sjå fleire tal hjå SSB

Hagebruksproduksjonen i Noreg står for rundt 15 prosent av produksjonsinntektene i norsk landbruk, medan arealet utgjer litt over 1 prosent av alt areal i drift. Hagebruksundersøkinga vart gjennomført saman med Landbruksteljing 2010.

Auke i grønsaksarealet
Arealet av grønsaker på friland har auka gjennom heile 2000-talet, og er no 71 500 dekar. Dette er 13 000 dekar meir enn i 1999. Areal av frukt har gått tilbake med 20 prosent, medan arealet av bær og veksthus viser små endringar.

Talet på bedrifter viser ei anna utvikling etter 1999. No er det i alt 3 000 bedrifter, ein nedgang på 40 prosent. Talet på bærdyrkarar har blitt halvert, veksthusprodusentar og fruktdyrkarar har blitt redusert med vel ein tredel, medan 4 av 10 produsentar av frilandsgrønsaker har gitt seg etter 1999.

Utanlandsk arbeidskraft viktig
Utanlandsk arbeidskraft blir stadig meir viktig. I 1999, då SSB for første gong kartla bruken av utanlandsk arbeidskraft i hagebruket, stod utlendingane for 18 prosent av arbeidsinnsatsen. I 2009/2010 utførte denne gruppa av arbeidarar 2 200 årsverk, eller litt under 50 prosent av den samla arbeidsinnsatsen.