Bøk varmar best i vinterkulda

Skog og landskap har foretatt målingar av tettheit hos ulike treslag. Resultata viste at bøk, eik og ask har høgast brennverdi.

Den tidlegare oppfatninga om at rogn låg godt an på denne lista er ikkje riktig.

Det er tettheiten i veden, dvs. vekt pr volumeinheit, som avgjer brennverdien og dermed vedkvaliteten. Bjørka, som er den vanlegaste veden, kjem litt ned på lista, men godt foran dei lette bartreslaga som furu og gran.

Når det tidlegare har vore sagt at rogn har den høgaste brennverdien, har ein referert til svensk asal (Sorbus intermedia). Desse to treslaga er nære slektningar, men med forskjellig tettheit.

Det er vassinnhaldet i veden som avgjer kvaliteten. Nyhogd ved innheld ca 50 prosent vatn. God ved for fyring i ovnen må tørkast ned til ein fuktighetsprosent under 20, helst 17 - 18 prosent. Det kan ein oppnå dersom veden hoggast i april, vert kappa og kløyvd og deretter bli lagt til tørking ute eller under eit tak gjennom vår- og sommersesongen. Årets ved kan då vere av god kvalitet ved starten av fyringssesongen. Våt ved brukar mykje av varmeenergien til å fordampe vatn og det gir ikkje varme i stova.

Skog og landskap (Norsk institutt for skog og landskap) er eit nasjonalt institutt for kunnskap om arealressursar, og er organisert under Landbruks- og matdepartementet.