Nye plantesjukdomar trugar norsk natur

Import og handel av grøntanleggsplanter fører også med seg nye plantesjukdommar. Berre i år er det registrert fleire nye tilfelle i Noreg. Etter nye funn er Bioforsk spesielt uroa over at den svært skadelige eggsporesoppen Phytophthora no er funnen i skogs- og naturområde, skriv Jon Schärer på www.bioforsk.no

Omfattande internasjonal handel med planter gjer at Phytophthora spreier seg til stadig nye område i verda. Det fins mange ulike artar, men felles for dei er at dei er svært skadelege for plantene dei angrip. Her i landet er det dei siste åra gjort funn på treaktige planter både i planteskular, hagesenter, frukthagar, klyppegrøntfelt, juletrefelt, grøntanlegg og lauvskog. Smitten kjem frå importerte planter, og her er det gjort fleire funn, sjølv om plantene kjem med "sunnhetssertifikat"!

Fleire sjukdomar

Planteklinikken ved Bioforsk Plantehelse får stadig inn prøvar med plantesjukdomar som er nye for landet. Seinast i august vart det stadfesta store skadar av ein ny soppsjukdom på hekkplanten buksbom frå ein privathage i Oslo. I september vart han funnen i Rogaland og seinare også på importerte planter i fleire hagesenter i Akershus.

- Denne skadegjeraren er eit omfattande problem på buksbom i mange europeiske land, og er nok eit døme på korleis handel med planter spreier skadeorganismar. Vi fryktar at sjukdomen kan vera spreidd over eit større område, seier forskar Venche Talgø ved Bioforsk Plantehelse.

Det er ikkje enkelt å få bukt med slike nye sjukdommar. Bruk av kjemiske middel er uaktuelt i privathagar, parkar og anlegg, og det finnes heller ikkje resistente sortar av buksbom. Dermed har planteskular og hagesenter eit stort ansvar ved import, samtidig som hageeigarar må vera ekstra merksame. For lettare å kunne identifisera sjukdommane har Bioforsk Plantehelse gjeve ut eigne faktablad under serien Bioforsk TEMA.

Les mer på hjemmesiden: www.bioforsk.no