Fruktblominga i Hardanger har starta

Den kalde våren har forseinka årets fruktbloming på Vestlandet. No er derimot bløminga i gong og om få dagar står heile Hardanger i full blom. Pinsehelga ser ut for å verta eit høgdepunkt for fruktblominga i år.

 

Både klima og jordsmonn i Hardanger er veleigna for fruktdyrking. Milde vintrar sikrar rik bløming og kombinasjonen av kjølig klima og mykje lys i vekstsesongen gir både frukt og bær ein frisk og syrleg smak. Ullensvang er den største fruktkommunen i landet med sine om lag 300 fruktdyrkarar. Her vert det dyrka både eple, pærer, plommer og søtkirsebær (eller moreller som dei vert kalla). Heile 60 prosent av alle norske moreller vert dyrka i denne kommunen.

I dag har Bioforsk Vest Ullensvang det overordna ansvaret for frukt- og bærforskinga i Noreg. Avdelinga har ei omsetjing på 11,5 millionar kroner i året, og driv variert forsøksverksemd innanfor bl.a. dyrkingsteknikk, avlingsregulering, plantefysiologi, bioregulatorar, fruktkvalitet, økologisk produksjon og småskala produksjon.

Bioforsk er organisert under Landbruks- og matdepartementet (LMD) som eit forvaltningsinstitutt med særskilde fullmakter.