Gode grønsakavlingar i 2009

Total produksjon av grønsaker på friland i 2009 er berekna til drygt 160 000 tonn i 2009, ein auke på 4 prosent frå året før.

Produksjonen av grønsaker i veksthus var om lag 30 000 tonn i 2009, viser førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå.

Produksjonen av bær på friland gjekk ned med 8 prosent frå 2008 til 14 400 tonn. Til samanlikning har produksjonen dei siste ti åra variert frå 9 800 til 14 300 tonn, og middel-avlinga er berekna til 13 000 tonn.

Totalavlinga av frukt på 17 500 tonn fordelte seg med 13 800 tonn eple, 1 500 tonn plommer, 1 300 tonn kirsebær og morellar samt 850 tonn pærer. Produksjonen av frukt varierer mykje med veret det einskilde året, og den lågaste produksjonen finn vi i 1999 med 12 400 tonn, den høgaste i 2002 med 20 800 tonn. I gjennomsnitt for dei siste ti åra har fruktavlinga lege på 17 200 tonn per år.

Jordbruk: Total produksjon av grønsaker på friland i 2009 er berekna til drygt 160 000 tonn i 2009, ein auke på 4 prosent frå året før.