Sopp drep kolorado-edelgran

I vekstsesongen 2008 vart det observert store skadar på koloradoedelgran (Abies concolor) på både Aust- og Vestlandet. Frå kreftsår på skadde tre vart soppen Nectria fuckeliana isolert. Her i landet er denne soppen vanleg på gran (Picea abies) der han går under namnet "Rød bartrekreft", skriv Bioforsk på sine heimesider.

 

Symptom
Både frå Nord-Amerika og Europa er det kjent at N. fuckeliana til tider kan gjera stor skade på koloradoedelgran.
Koloradoedelgran med angrep av N. fuckeliana er lette å få auga på, då baret på sjuke greiner gulnar og etter kvart vert brunlilla. Nokre gonger er berre dei ytre partia av kvistane og baret brunt. På sjuke greiner og stammer vert det oppsprukken og litt innsokken bark med brune parti under. Hovudstamma får ofte angrep kring greinfeste. Sterk kvaeutflod er også teikn på at trea ikkje er friske. På nokre tre fann vi berre angrep på dei nedste greinene, medan det på andre gjekk heilt til topps på trea. På nokre tre hadde baret vorte heilt brunt. Tre i alle årsklassar var ramma. På Ås vart eit tre med diameter rundt 60 cm felt, fordi det bort i mot ikkje var grønt bar igjen på det.

Undersøkte lokalitetar
Totalt har vi isolert soppen frå to lokalitetar i Akershus (Ås), ein i Buskerud (Øvre Eiker), to i Rogaland (Ålgård og Vikeså) og ein i Bergen (Milde). På Austlandet er det funne symptom på mange fleire lokalitetar enn dei vi har isolert soppen frå. Mellom anna er det tatt ut fleire prøvar i Oslo som skal undersøkjast. Vi har også sett identiske symptom på koloradoedelgran i Värmland i Sverige. Dei fleste observasjonane er gjort i privathagar og grøntanlegg, men også ei lita planting med koloradoedelgran i Nordskogen på Ås er kraftig skadd. Også i 2002 fann vi Nectria på koloradoedelgran, men så massivt angrep over så stort område har så vidt vi kjenner til aldri vore rapportert i Noreg på koloradoedelgran. Her i landet vert N. fuckeliana rekna for å ha lite å seia i praksis for helsetilstanden til gran. Soppen er også funnen på Larix spp. i Noreg.

Biologien til Nectria fuckeliana
Soppen har to sporestadium; konidiesporar (ukjønna) og askosporar (kjønna). Det ukjønna stadiet vert kalla Cylindrocarpon cylindrioides. Det veks fram både på infisert materiale når det ligg nokre dagar fuktig ved romtemperatur (inkubering), og på kunstig vekstmedium (agar). I begge tilfelle er sopptrådane (mycelet) kvite, og det vert etter kvart produsert store mengder konidiesporar. Morfologiske kjenneteikn tilseier at det er arten Nectria fuckeliana.
Det kjønna stadiet kjem til syne på infisert bark som små, raude kuler. Det var lite å sjå av dette stadiet på infisert koloradoedelgran ute, men inne på laboratoriet voks det etter kvart fram nokre raude sporehus på inkuberte prøvar. Det er sporehusa som har gitt opphav til det norske namnet " Rød bartrekreft".
N. fuckeliana er omtala i litteraturen som ein svak parasitt som angrip skadde tre som står tett og skuggefullt. Mange av dei trea vi har sett angrep på er til dels høge, solitære tre som står fritt og luftig og utan synlege fysiske skadar. På nokre fann vi sibirsk edelgranlus (Adelges pectinatae) og edelgranbarklus (Cinara confinis), som kan ha gitt inngangsport for soppen, men det var langt i frå på alle trea. Truleg var det optimale klimatiske tilhøve for spreiing og infeksjon av soppen. Sporespreiing skjer i fuktig vær gjennom heile vekstsesongen. Det massive angrepet kan vera ein konsekvens av den våte vekstsesongen i 2007.

Eit faktaark vert lagt ut så snart DNA-analysen er klar.


Venche Talgø, Trude Slørstad, May Bente Brurberg og Arne Stensvand