Funn av pærebrann i Kvinnherad og Etne

Mattilsynet og Bioforsk Plantehelse har no bekrefta funn av pærebrann i kommunane Kvinnherad og Etne i Hordaland. Pærebrann har aldri vore oppdaga så nære fruktkommunane i Hardanger før, skriver Mattilsynet på sine hjemmesider. 

 

- Mattilsynet veit ikkje korleis smitten har kome til desse nye kommunane, seier prosjektleiar i Mattilsynet, Nils Melbøe.

Kommunane Etne og Kvinnherad er endå ikkje kommunar i nedkjempingssona, men vil bli tekne med så snart som råd er. Kjend smitte i desse kommunane er no fjerna, og områda vil bli nøye følgt opp i tida framover.

- Sett i lys av dei nye funna i Etne og Kvinnherad, er Mattilsynet svært nøgd med den positive oppslutninga dei førebyggjande ryddeaksjonane har hatt, og ser endå klarare viktigheita av det ryddearbeidet som no vert og er gjort. Mattilsynet oppfordrar framleis alle grunneigarar til å hugga ned dei mest mottakelege vertplantane bulkemispel og pilemispel.

Mattilsynet ønskjer å presisere forbodet mot å planta og omsetta dei lett mottakelege vertplantane bulkemispel og pilemispel, eit forbod som har vore sidan 1986. Det er og forbod mot å flytta bier inn i, innan og ut av kommunar i nedkjempingssona for pærebrann.

I dag har Mattilsynet pærebrann synfaring for involverte partar i pærebrannarbeidet på Skjold i Fana bydel, Bergen. Her vil dei nye funna bli diskutert.