Potetskurv

I fjor fikk jeg en flott potetavling, men alle potetene hadde skurv på skallet. Hva kommer det av, og er det noe jeg kan gjøre i forhold til årets avling?

Hilsen Britt Schea

Jeg har undersøkt litt, da dette ikke er mitt spesialfelt. Tydeligvis er det litt usikkerhet om årsaken, også blant de fagkydige. Nedenforstående forklaring er det beste jeg kunne finne, og den kommer fra Agropub.

Svartskurv

Svartskurv ( Rhizoctonia solani) er utbreidt i jorda og angrip ei rekke jordbruksvekstar. Problemet med svartskurv er forseinka modning og fleire kvalitetsfeil. Soppen dannar svarte sklerotier (kvilelekamar) på knollane. Smitta utviklar seg ikkje på eit godt lager utan kondens. Soppen skadar spirene på setjepoteten slik at nye spirer må utviklast. Det gir ujamn spiring i åkeren og heile veksten blir forseinka når nye stenglar må utviklast. Under fuktige tilhøve får angripne planter eit gråleg, filtaktig belegg på stengelen ved jordoverflata. Knollar frå angripne planter er ofte små, kantete, misdanna og ein større prosent er grøne ettersom dei ofte ligg høgt i drillen. Vekstsprekker med skurvaktig belegg (krokodilleskinn) er også vanleg. I nokre tilfelle blir det også danna luftknollar på nedre stengeldel, men det kan også skuldast andre sjukdommar som reduserer transport av næring frå blada til knollane.

Gjødsel

Det er delte meiningar om korleis organisk gjødsel påverkar svartskurvangrep. For mykje eller lite nitrogen aukar faren for angrep. I Danmark meldast det at kløverrik eng (2 år eller eldre) som forkultur aukar angrepet av svartskurv. I Sverige nemnast at grøngjødsling som forkultur er positivt. Det kan ha samanheng med at grøngjødslinga omsettast såpass raskt i jorda. Soppen får da ikkje etablert seg på det organiske materialet, noko han gjer i meir etablert eng og ved bruk av gjødsel med mye strø.

Tiltak

Setjepotet med svarte kvilelekamar må ikkje nyttast. Skikkeleg lysgroing og setjing i varm jord favoriserar potetknollen, og spirene kan vekse frå svartskurvsoppen. Rask oppspiring er det beste førebyggjande tiltak mot angrep av svartskurv og stengelråte. Beate, Peik, Kerrs Pink og Saturna er noko meir utsett for svartskurv enn andre sortar.

Flatskurv

Flatskurv skuldast ein bakterie. Overhuda på knollane får forkorka sår. Ved sterke angrep veks desse såra saman, og store delar av knolloverflata kan vera dekka av skurv. Desse potetane lagrar dårleg og er ikkje salsvare. Bakterien lever i jorda og kan overførast med setjepotetane. Smittinga skjer tidleg i vekstsesongen, da dei nye knollane er på storleik med erter, og aller mest på tørr jord med høg pH. Ein bør i alle høve ikkje kalka føre potetar. Flatskurven likar mykje oksygen og tørre forhold i jorda. Difor er angrepa verst i tørre år. Har ein vatningsanlegg, kan ein halda jorda fuktig frå 2.veka etter oppspiring. Slik kan flatskurvangrep eliminerast.

Jeg håper dette gir deg svar på spørsmålet. Jeg kom også over et kjærring-råd, under min surfing, og det var å vanne potetene med lunkent vann. Det skulle visstnok minimere risiko for skurv. Lykke til!

Med vennlig hilsen
Marit Næss Jørgensen

www.hageplanlegging.no