Berre stubben er igjen etter at treet med eit kongeørn-reir i toppen blei felt i Saltdal i Nordland. No må trefellaren møte i retten tiltalt for miljøkriminalitet.  (Illustrasjonsfoto)

Risikerer fengsel for trefelling

Bonden Anny Unosen (63) risikerer fengsel, kan bli tvinga til å legge ned gardsdrifta og leve på trygd frå Nav, etter at ho felte ei furu med eit ørnereir. Rettssaka startar i dag, skriv NRK Nordland.

Sauebonden frå Evenesdal i Saltdal i Nordland må i dag møte i Salten tingrett, tiltalt for miljøkriminalitet, skriv NRK Nordland.

Kvinna vedgår at ho i fjor haust felte furua med kongeørnreiret som sto på hennar eigen grunn, men nektar for å ha gjort noko straffbart.

– Ho har innrømma å ha felt treet, men ho ville berre bruke furua til material i fjøsen sin. Ho visste at kongeørna var freda, men oppfatta at reiret var tomt, seier kvinna sin advokat, Torkel Johnsen, til nrk.no.

Ifølgje Fjelltjenesten hadde eit kongeørn-par hatt reir i furua i seks år. Kongeørna har vore freda i Noreg sidan 1968, og er framleis ein trua art. Difor slo Fjelltjenesten alarm då dei i sommar, under sin årlege kontroll i dalen, oppdaga at furua var felt.

Ifølgje Fjelltjenesten vart treet felt allereie hausten 2012, men først i sommar skal det ha blitt frakta bort.

Les også: Risikerer fengsel etter trehogst

Les også: Her er restane etter ørneredet

Politiet sikta kvinna for å ha felt treet med ørnereiret, og Statsadvokatane ved Økokrim tok ut tiltale for brot på Naturmangfaldslova. 

Les heile saka på nrk.no her.