Fylkesvegforfall opp mot 75 milliarder kroner

Fylkesvegnettet i Norge er på totalt 44 200 kilometer. Det vil koste 45 – 75 milliard kroner å fjerne forfallet på desse vegene. Det viser kartlegginga Statens vegvesen har gjort i samråd med fylkeskommunane.

Over tid har det gradvis oppstått eit betydeleg forfall på fylkesvegene. Rapporten fra kartlegginga vil vere eit viktig grunnlag i fylkeskommunene sitt vidare arbeid med å utvikle og forvalte fylkesvegene, skriv Statens vegvesen på nettstaden sin. 

Rapporten er også oversend Samfdsledepartementet til bruk av sentrale styresmaker. Det er estimert å koste 55 milliard kroner å fjerne forfallet som har utvikla seg på fylkesvegene. At Vegvesenet opererer med stort spenn i kostnad (45-75 milliard kroner) skuldast at overslaget er usikkert.

Gjennom kartlegginga er det registrert forfall i alle fylke. Forfallet er likevel størst i Nordland (7,8 mrd. kroner), Hordaland (6,5 mrd. kroner) Troms (5,8 mrd. kroner) og Møre og Romsdal (5,6 mrd. kroner). Behova er også store i Sogn og Fjordane, Buskerud og Telemark med henholdsvis 4,0 mrd. kroner, 3,3 mrd. kroner og 3,0 mrd. kroner.

Om lag 39 500 kilometer av fylkesvegnettet har fast dekke mens resten har grusdekke. Kartlegginga viser at 35 prosent av det totale behovet er knytt til sjølve vegen, som er vegfundament og vegdekke. Dei rundt 550 fylkesvegtunnelane står for 24 prosent av behovet. Det er totalt 10 700 bruer og 310 ferjekaiar på fylkesvegnettet. Desse står for om lag 17 prosent av kostnadsbehovet. Vidare står vegutstyr og miljøtiltak for 14 prosent av behovet mens drens- og avløpsanlegget utgjer 11 prosent av kva det totalt vil koste å fjerne forfallet på fylkesvegene.

Kostnadsoverslaget kan ikkje utan videre samanliknast med tidlegere overslag for vedlikehaldsetterslep. Grunnen er at Vegvesenet i kartleggingen har inkludert kostnader for enkelte oppgraderingar som er nødvendig og fornuftig å gjennomføre samtidig med tiltaka for å fjerne forfallet. Dette er mellom anna tiltak for å oppfylle krav i forskrifter. Kartlegginga omfattar ikkje kostnader for å rette opp manglande generell vegstandard som til dømes kurvatur, stigning og vegbredde.

-Vi veit at vedlikeholdsetterslep kan påverke både trafikktryggleik og framkomst negativt. Samtidig veit vi at det er dårleg økonomi å la vegtilstanden bli så dårlig at det vil kreve omfattande og dyrere tiltak for å setje vegobjektene i stand att. Med denne kartlegginga har vi fått eit mykje betre bilde av kva det vil koste å utbetre vedlikehaldsetterslepet i fylkesvegnettet, seier direktør Lars Aksnes som leier styringsstaben i Statens vegvesen.

Her finner du hele rapporten

Tabell – Hovedtall fra rapporten: