Vedtaket frå fylkestinget lyder:
Fylkestinget legg samferdselsutvalget sitt vedtak til grunn i det vidare arbeidet med bompengesøknad. Tilrådinga lyder:
"Fylkestinget vedtek at Nordøyvegen skal utbyggjast snarast muleg - under føljande føresetnader:
Fylkestinget vedtek at Nordøyvegen skal utbyggjast basert på eitkostnadsoverslag på 2,665 mrd. kr. (inkl.mva),med fradrag fornedskjeringspotensialet på om lag 290 mill. Anbodet skal likevel leggje til rette for at desse tiltaka kan leggast inn igjen i prosjektet om fylkestinget ved endeleg godkjenning finn rom for det.
Kostnader med framtidig vedlikehald og busstilbod skal ikkje leggjast inn som del av prosjektet.
Føresetnadene i finansieringsplana skal følge alternativ 2 i saksframlegget med omsyn til eingongsvekst (40%), årleg trafikkvekst (1,9%) og bompengeperiode (30 år).
Det er lagt til grunn rentekompensasjon tilsvarande eit låneopptak på 1,31 mrd. Rentekompensasjonen er basert på flytande rente i Husbanken. Med dette som bakgrunn kan ein leggje til grunn at rentekostnaden på 1,3 mrd vil tilsvare rentekompensasjonen i nedbetalingsperioden. For den øvrige lånegjelda legg ein til grunn 4,5% rente.
Kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift (RDA-midlar) som eventuelt kjem til utbetaling til kommunar/næringsliv i Haram og Sandøy om ordningaskulle bli forlenga utover 2013, skal gå til betaling av Nordøyveg-prosjektet.
Samferdselsutvalet ber fylkesrådmannen oppdatere investeringsanalysa/kontantstrømanalysa i tråd med vedtaket og legge det fram for fylkesutval/fylkesting 27.08.2012.
Fylkestinget ber Plannemnd for samferdselsutbygging følgje opp vedtaket i saka, og syte for at framdrifta vert god.Arbeidet med utarbeiding av bompengesøknad og grunnlag for KS2 skal intensiverast og ferdigstillast før fylkestinget i desember. Eventuelle tilleggsvedtak kan då gjerast på dette tinget, skriv fylkeskommunen på sine heimesider.