Foto: Statens vegvesen.

Fekk ein meir rastrygg veg til jul

Tysdag 15.desember opna den 440m lange betongtunnelen på Røyr som sikrar fylkesveg 60 mot ras frå Vassfonna og Røyrafonna.

Årleg går det ras frå Vassfonna som ofte går inntil eller over fylkesveg 60.

Opninga av Røyratunnelen blei enkelt markert for alle arbeidarane som har jobba med betongtunnelen. Klokka 1300 i går ønskte prosjektleiar Arne Ola Stavseng velkommen og takka alle som har lagt ned ein kjempeinnsats for å få tunnelen ferdig til jul, meldar Statens vegvesen i ei pressemelding.

- No kan vi senke skuldrane med tanke på ras. No når vi opnar Røyratunnelen er vi eit steg nærare rastrygg fylkesveg 60 mellom Stranda og Hellesylt.

Neste haust opnar Ljøtunnelen og gjer heile strekninga mellom Stranda og Hellesylt rassikker. Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad lovar ein skikkeleg folkefest neste år for å feire det han beskriv som dei største investeringane indre Sunnmøre nokon gang har hatt innan samferdsel.

- Dei siste ti åra har snøskred vore den største trusselen på fylkesveg 60 mellom Stranda og Hellesylt , men no kan vi snart føle oss heilt trygg. Det er gledeleg for alle som ferdast her kvar dag, sa ordføraren.

Hovudentreprenør Skanska AS takka alle for ein kjempejobb.
- Det viktigaste er at det ikkje har vore nokon personskader med fråvær på anlegget. Alle skal komme trygt heim igjen, sa prosjektleiar Ola Langset.

Han trakk fram at dei saman med Statens vegvesen har vore innovative. LED-lysanlegget er montert slik at belysninga i tunnelen er svak utan trafikk, men slår seg på når trafikantane kjem mot tunnelen. Dette vil kutte straumkostnadane.

For å bygge den 440 m lange betongtunnelen har det gått med over 1200 billass med betong og 35 semitrailerlass med armering. Sjølv om tunnelen er open for trafikk er det fortsatt igjen ein del arbeid med å ferdigstille området rundt. Tilstellinga av området rundt tunnelen vil pågå også neste år, men det er arbeid som ikkje vil skape problem for trafikantane.