Framleis færre konkursar

Det vart registrert færre konkursar i 2012 enn året før. Også tala for 4. kvartal 2012 viser ein nedgang frå same periode i 2011.

Totalt vart det opna 3 814 konkursar i fjor. Det er 12,4 prosent, eller 541 færre konkursar enn i 2011. Den største nedgangen i prosentvise tal finn vi i Hedmark, med 37 prosent færre konkursar. I Akershus var nedgangen i absolutte tal størst, med 135 færre konkursar, melder SSB.

Sju av ti konkursar, i alt 2 763, var føretakskonkursar eksklusive einskildpersonføretak. Det var 13 prosent færre føretakskonkursar i fjor enn i 2011. Snautt kvart tredje føretak var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner, med totalt 761 konkursopningar.

Dei resterande 1 051 konkursane omfattar einskildpersonføretak og personlege konkursar. Her gjekk talet ned med 11 prosent. Eit av tre einskildpersonføretak som gjekk konkurs i 2012, dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd.

I 4. kvartal i fjor vart det vart opna 999 konkursar. Det er 7,8 prosent færre enn i den same perioden året før.