E16 Skulestadmo er i gang

Så langt går trafikken forbi anleggsområdet på E16 Skulestadmo like utanfor Voss ganske så uhindra. Arbeidet har skjedd utanfor vegen der mykje myrjord vert erstatta med stein.

- Dette er eit prosjekt som er delt i to byggjetrinn, vi held no på med det første, seier kontrollingeniør Helge Tillung i Statens vegvesen til vegvesen.no.

Byggjetrinn 1
Kontrakt vart signert med Vassbakk og Stol AS 3. desember. Første byggetrinn omfattar 850 meter ny veg i 10 meters breidde, to nye rundkøyringar som erstattar tre eksisterande kryss og to undergangar for trygg kryssing av E16 for mjuke trafikantar.

For å knyte til dei ulike lokale vegane, skal det byggast 700 meter sekundærveg og 1800 meter gang-/sykkelveg. Dette vil føre til mykje tryggare trafikkavvikling i Skulestadmoen.

-Neste byggetrinn omfattar 900 meter veg sør for anleggsområdet vi held på med i dag, seier Tillung.

Arbeida så langt
Entreprenøren starta opp midt i desember med tilrigging og skogrydding. Rett over nyttår starta dei masseutskifting på ein del av strekninga som skal «forbelastast».

Dette med forbelastning er ein viktig del av prosessen med å bygge ein stabil veg. Dei har grave vekk to til fire meter myrjord som er erstatta med sprengstein. Steinfyllinga skal byggjast opp til ein halv meter over ferdig vegnivå for så å liggje minimum tre månadar. Fyllinga pressar seg ned (setning) og vil over tid gi eit godt og solid vegfundament. Setningane skal haldast under oppsyn, og når endringane minkar vert forbelastninga fjerna og sjølve vegen kan byggast.

Det hasta med å få lagt ut forbelastninga slik at entreprenøren førebels har konsentrert seg om dette. Strekninga ligg utanfor eksisterande veg og førebels kan trafikken gå som vanleg, utan omlegging.

Trygg trafikkavvikling
Statens vegvesen som byggherre håpar å kunne gjennomføre prosjektet på ein slik måte at om lag all trafikk kan passere i to køyrefelt. Dette grunna stor trafikkmengde i området.

Det ligg óg fleire store næringsverksemder og ein stor barneskule i nærleiken til anleggsområdet, noko som fører til mykje trafikk – alt frå gåande til tunge køyretøy.

-Trygg trafikkavvikling for alle er noko både byggherre og entreprenør bekymrar seg mykje for, seier Tillung. Vi håpar å finne gode løysingar slik at dette vil gå smidig for seg, og vil følgje med heile tida.

-Vi skal óg ha eit tett samarbeid med skulen slik at ungane skal føle dei har ein trygg skuleveg, lovar han.

Vidare arbeid
Utover vinteren/våren vil trafikken bli lagt om for å frigjere området der undergangane skal byggjast, og bygging av desse vil starte. Det vil óg bli sett i gang arbeid med sekundærvegar og gang-/sykkelvegar fleire stader på anleggsområdet.