Hardanger-porten på plass

Den høge tunnelportalen til Hardangerbrua i Vallavik er ferdig. Med ei høgde på 23 meter og sin spesielle form, skil portalen seg ut frå vanlege veganlegg.

Det er brukt nærare 800 kubikkmeter betong på konstruksjonen. Portalen er bygt med tilsaman 22 støype-rundar. Arbeidet har pågått i 8 månaders tid, melder vegvesen.no.

Portalbygginga har hatt gitt ekstra HMS-utfordringar gjennom byggeprosessen, på grunn av arbeid i to høgder i periodar.
Portalen på Bu - på motsett side av fjorden - er 15 meter høg.

Uforminga av dei to store tunnelportalane på Hardangerbrua er gjort av Pål Jørgensen ved Forum arkitekter i Bergen. Ideen med dei høge portalane er å gi ei betre oppleving for trafikantane som kjem ut frå tunnelane til brua. På denne måten får ein tidleg utsyn mot brutårna og fjordlandskapet når ein kjem frå tunnelane. Samstundes er det ekstra markerte innslag i tunnelane når ein har kryssa brua.