Klar for rassikring på Lovraeidet

Nesten 100 millionar kroner skal brukast på rassikring av fylkesveg 517 på Lovraeidet. Kontrakten med entreprenør vart signert tysdag.

– Kom i gang så fort som mogleg med det viktige rassikringsarbeidet, sa fylkesordførar Janne Johnsen til Asgeir Loftsson frå islandske Istak, som representerte den danske entreprenøren E. Pihl og Søn AS på signeringsmøtet.

Asgeir Loftsson lova at dei ville gå i gang så snart som mogleg. Prosjektet er Istak sitt femte i Norge, melder vegvesen.no.

– Først skal vi ha oppstartsmøte og nokre samhandlingsmøte, så er vi klare til å starte bygginga, sa prosjektleiar Knut Utaaker frå Statens vegvesen.

Rassikring av fylkesveg 517 går frå Lovraeidet til Tysingvatnet i Suldal kommune i Rogaland. Strekninga som skal utbetrast og leggast om er litt over 3 kilometer lang. Vegen langs Lovravatnet er rasfarleg og 950 meter av vegen skal gå i tunnel. Prosjektet grensar til tilførselsvegane til Sandsfjordbrua som er under bygging.