Luftig bruarbeid over Dalsfjorden

Arbeidet med å trekke vaier over Dalsfjorden er i full gang. Då arbeidslaget tok juleferie, var fire av tolv vaierar til catwalken ferdig trekte.

Dalsfjordbrua byrjar no å ta form, med ferdige brutårn og dei første vaierane som strekk seg over fjorden. Etter at støypinga var ferdig i oktober, har det vore ein periode med nedrigging, før catwalk-arbeidet starta for fullt. Den første lina kyssa fjorden i midten av november, og entreprenør HSM BV frå Nederland nytta båt for å koble wire frå kvar av dei to sidene saman ute på fjorden, skriv Statens vegvesen på sine nettsider.

I slutten av november sette ei arbeidsulykke framdrifta på vent ei tid. Ein nederlandsk bruarbeidar vart skadd i ryggen under vaierarbeid, og Vegvesenet stogga straks arbeidet med vaier på brua og gjekk igjennom tryggleiksrutiner i lag med entreprenør og Arbeidstilsynet. Vaierarbeidet vart teke opp att då byggjestans vart oppheva ei tid før jul, og arbeidslaget stod på fram til 21. desember, då dei tok juleferie. Då var fire av tolv vaierar til catwalken (midlertidig gangbru i byggjefasen) ferdig trekte.

- Bruarbeidet er blitt forseinka med minst fire veker på grunn av arbeidsulykka og andre forhold, men no er me i full drift med vaiertrekking att, seier prosjektleiar Einar Hovland på Dalsfjordsambandet.

Arbeida ellers på Dalsfjordsambandet går som planlagt, med elektroarbeid i tunnelane fram til 1. mars og testing og sikkerheitsgodkjenning i mars og april. Veg i dagen på Dale-sida er klar for asfaltering, men må vente til vêr- og temperaturtilhøva tillet det. På nordsida av fjorden er ein ferdig med grovplanering av vegen.