Nye kontrollreglar frå nyttår

1. januar blir dei nye reglane for uavhengig kontroll i byggjesakar innført.

Innføringa av uavhengig kontroll inneber at eit profesjonelt og uavhengig føretak skal kontrollere fuktsikring og lufttettleik i småhus, samt brann- og konstruksjonstryggleik i større bygg. Først når bygget er kontrollert kan byggjeprosjektet erklærast ferdig, heiter det i ei melding frå Kommunal- og regionaldepartementet.

- Uavhengig kontroll vil medverke til å sikre både kvalitet i byggjesak og like konkurransevilkår for føretaka. I dag er det opp til den einskilde kommune om det skal vere uavhengig kontroll i byggjesaker. Dei nye reglane vil gjelde over heile landet og difor gje meir føreseielege tilhøve for alle partar. Samstundes blir reglane endra slik at det blir enklare for føretak å få ansvarsrett, og for kommunane å handsame sakene, skriv dei i meldinga.

Les meir om ordninga her