Serviceleiar drift - Markedsområde Trøndelag - Forsvarsbygg utleie

Forsvarsbygg er eit forvaltningsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsbygg har som målsetjing å skape ei konkurransedyktig verksemd som kan levere etterspurde tenester innan eigedom, bygg og anlegg til marknadsretta prisar. Forsvarsbygg har Forsvaret som sin største og viktigaste kunde, men er ikkje ein del av Forsvaret sin militære organisasjon.

Forsvarsbygg Utleie er Noregs største eigedomsforvaltar. Gjennom vårt unike nettverk og kompetanse sikrar vi leveransar over helie landet. Vår viktigaste oppgåve er å skapa trivsel for våre brukarar og beboarar.

FirmaForsvarsbygg Utleie
FylkeSør-Trøndelag
StedTrondheim / Værnes
Søknadsfrist13.01.2013

Da ein av våre tilsette får over i pensjonistanes rekker søkjer vi etter ny serviceleiar drift med arbeidsstad Trondheim/Værnes.
Serviceleiar drift har direkte ansvar for driftstenesta innan markedsområdet og for at den blir utført innanfor dei fastsette rammene, målsetjingane, lovene og reglane. Driftstenesta har ansvar for den utførande drifta og kundeservice innanfor ansvarsområdet sitt.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar med personleg og fagleg kompetanse som kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb


Arbeidsoppgåver



  • Ansvarsområdet til stillinga:
  • Ansvarleg for den utførande drifta og kundeservice innanfor ansvarsområdet sitt, inkludert:
  • Syte for gjennomføring av driftsplanen
  • Melde eventuelle avvik
  • Samarbeid med og oppfølging av kundar
  • Oppfølging av leverandørar
  • Ansvarleg for at det blir halde løpande kontakt og dialog med representantar for kunden og brukarar om status for Forsvarsbygg sine lokale leveransar
  • Ansvarleg for at eininga utfører tenester og oppdrag på ein fagleg og forskriftsmessig måte
  • Bidra til at økonomiske og forvaltingsmessige oppgåver og pålegg blir gjennomførte på forskriftsmessig vis, inkludert planlegging og rapportering av HMS og internkontroll for verksemda og personellet til avdelinga
  • Skaffe naudsynt materiell og utstyr etter gjeldande avtale
  • Ansvarleg for at FDV-applikasjonen Summarum blir oppdatert dagleg
  • Ha tilsyn med tilsette i eiga eining, inkludert:
  • Personelldisponering
  • Fagleg oppfølging, avdekkje behov for kompetanseheving osb.
  • Gjennomføre medarbeidarsamtaler
  • Resultat- og økonomioppfølging
  • Utarbeide grunnlagsmateriale til budsjett og kontraktar
  • Økonomioppfølging innanfor ansvarsområdet

 

 Kvalifikasjonar

  • Relevant teknisk utdanning
  • Relevant fagleg røynsle og leiarrøynsle
  • Relevant bransjeinnsikt er ynskjeleg
  • Førarkort kl. B
  • Du må kunne tryggleiksklarerast for nivået hemmeleg
  • Ønskeleg med utdanning på nivå teknisk fagskule eller høgare, primært innan tekniske fag/byggfag.

 

Personlege eigenskapar

  • Omgjengeleg og motivert
  • Ryddig og representativ åtferd
  • Det vil bli lagt særleg vekt på personlege eigenskapar og at personen er eigna til stillinga

 

 Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit dynamisk miljø
  • Løn som driftsleiar/avdelingsingeniør/overingeniør (kode 1137/1085/1087)
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste

 

Søk stilling:

https://www.webcruiter.no/wcmain/CvJobRespond1.aspx?oppdragsnr=1645072247&company_id=148783765&culture_id=NB-NO