Serviceansvarleg driftsteknikar marknadsområde Oslo - Forsvarsbygg utleie

FirmaForsvarsbygg utleie
Fylke
SøknadsfristSnarast

I stillinga som driftsteknikar er du marknadsområdet sitt viktigaste kontaktledd mot leigetakaren sine brukarar av eigedomane. Du skal syte for at brukarane heile tida har tilfredsstillande EBA-løysingar etter sine behov. Du skal uoppmoda identifisere feil og manglar og ta initiativ til å rette dei opp, og snarast vidareformidle og følgje opp gjennomføringa av førespurnader som du ikkje sjølv kan ta avgjerder om.

Stillinga er lokalisert sentralt i Oslo sentrum.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som gjennom den personlege og faglege kompetansen sin kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb.

 

Arbeidsoppgåver

  • *  Vere i løpande kontakt og dialog om status med representantar for kunden og brukarar av bygg- og eigedomsmassen
  • *  Sjølv eller i samarbeid med andre utføre oppgåver innan drift og vedlikehald av bygningar, anlegg og tekniske installasjonar innanfor eige kompetanseområde
  • *  Formidle og følgje opp oppdrag utanfor eige kompetanseområde
  • *  Følgje opp tildelte arbeidsordrar
  • *  Utføre ettersyn og løpande drift av tildelt EBA med tekniske anlegg (SD, brann osb.).
  • *  Gjere all regelbunden forbruksregistrering innan drift
  • *  Følgje opp internkontroll av tekniske anlegg
  • *  Følgje opp drifts- og vedlikehaldsoppdrag som blir utførte av eksterne leverandørar
  • *  Gje innspel til drifts- og vedlikehaldsplanar
  • *  Instruere/lære opp kunden sine representantar og brukarar i bruken av eigedomen og anlegga
  • *  Delta i heimevaktordning etter avtale
  • *  Formidle kunden sine behov for vertskapstenester og utføre/følgje opp tenestene etter avtale
  • *  Delta i tverrfagleg samarbeid på marknadsområdet
  • *  Ansvarsområdet til stillinga:
  • *  Sjå til at den tildelte delen av bygg- og anleggsmassen innanfor marknadsområdet til ei kvar tid fungerer i samsvar med lover og forskrifter og slik det er avtalt i leigeavtalen ved overlevering.
  • *  Du er ansvarleg for at leigetakaren og brukarane hans opplever at alle førespurnader om den avtalte funksjonen og tilstanden til eigedomen blir følgde opp og problem løyste på ein ubyråkratisk måte.
  • *  På grunnlag av delegert fullmakt skal du setje i verk og løyse løpande driftsoppgåver som førebyggjer klager på tilstanden og funksjonaliteten til bygg- og anleggsmassen.
  • *  Etter å ha innhenta fullmakt, skal du setje i verk og løyse driftsoppgåver som går utover omfanget av avtalte plikter til å oppretthalde tilstand og funksjon.
  • *  I tillegg til husleigeavtalen skal du ta deg av brukaren sine oppgåver etter vertskapsavtalen med kunden.
  • *  I samarbeid med kunden sin representant for eigedomen (bygget o.a.) har du ansvaret for å delta i informasjons- og opplæringsaktivitetar som sikrar at brukaren oppfører seg slik at funksjonaliteten til anlegga blir teken vare på til lågast mogleg driftskostnad.
  • *  Du er ansvarleg for å opprette direkte dialog med og vere tilgjengeleg på telefon for reinhaldspersonalet som har det løpande ansvaret for reinhaldet, slik at alle feil, manglar og behov blir fanga opp og løyste i dei tilfella der reinhald er ein del av ansvaret vårt i din EBA.
  • *  Sjå til at reglar og rutinar for innmelding av arbeidsordrar blir følgde, og motivere kunden sin representant og brukarar til val av løysing.
  • *  Alle driftsteknikarar kan påleggjast å arbeide ved andre avdelingar i marknadsområdet innanfor den einskilde sitt kompetanseområde etter instruks frå drifts- og vedlikehaldsleiaren.


Utdanningsnivå

  • *  Vidaregåande skule


Personlege eigenskapar

  • *  Omgjengeleg og motivert
  • *  Ryddig og representativ åtferd


Arbeidsstad

  • *  Grev Wedelse plass 5,
    0103 Oslo
  • *  Oslo

 

Utdanningsretning

  • *  Bygg og anlegg


Kvalifikasjonar



  • *  Må kunne tryggleiksklarerast for nivået hemmeleg


Vi tilbyr

  • *  Svært gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • *  Løn som driftsteknikar (1136) etter lønsregulativet til staten
  • *  Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • *  Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • *  Bedriftshelseteneste
  • *  Gode velferdsordningar
  • *  Gunstige bustadlån i Statens pensjonskasse


Andre opplysningar

  • *  Stillingsbrøk: 100%
  • *  Fast
  • * Tal på stillingar: 1

 

 

søk her

Vis flere stillinger: