Folgefonna ny nasjonalpark

Det vedteke å opprette Folgefonna nasjonalpark i Hordaland fylke. Norge har dermed fått sin 25. nasjonalpark.

I tillegg er det oppretta fire landskapsvernområde med ein særleg vakker og særprega vassdragsnatur. Landskapet som vi har verna i dag er rangert blant det vakraste vi har. Folgefonna er og den første nasjonalparken som går heilt frå fjord og opp til bre, seier miljøvernminister Knut Arild Hareide. Nasjonalparken ligg i fjord- og fjellregionen mellom Hardangerfjorden, Åkrafjorden og Sørfjorden. Sentralt i nasjonalparken ligg sjølve Folgefonna som er delt i tre platåbrear. Søre Folgefonna er den tredje største breen i landet, og er eitt av dei få villmarksprega områda som er att i Hordaland. Dalføra som ligg i nasjonalparken har store landskapskvalitetar i form av stort mangfald og inntrykksstyrke. Dei fire landskapsvernområda Ænesdalen, Bondhusdalen, Hattebergsdalen og Buer har særleg vakker og særprega vassdragsnatur. Elvane i landskapsvernområda er sterkt prega av opphavet sitt ved breen, og fjellterrenget med kort avstand til fjorden gir bratte og til dels ville elvelaup. Hestetrasport i Støladalen. Eitrheim og Tokheim ved Odda, og Fonnavatna som renn ned Guddalsvassdraget, er med dette varig verna mot utbygging. - Fleire vassdrag ved fonna er tidlegare utbygde til vasskraft. Med dette vernet tek vi no vare på fleire spesielt vakre vassdrag for dei som kjem etter oss, seier miljøvernministeren. Prosessen fram mot vedtaket har vore omfattande. Fylkesmannen har utarbeidd verneframlegg med konsekvensutgreiing og har mellom anna gjennomført cirka 50 møte og synfaringar i planområdet kor grunneigarar, organisasjonar, kommunar og andre aktørar har delteke. Ei rådgivande referansegruppe med representantar frå kommunane og dei mest sentrale organisasjonane på fylkesnivå har og vore med i arbeidet. - Det er viktig i slike store verneprosessar at alle syn kjem fram, blir drøfta og vege opp mot kvarandre. I løpet av prosessen er over 60 km2 areal teke ut av verneplanen, og forskriftene har blitt tilpassa slik at landsbruks- og andre næringsinteresser skal kunne halde fram utan at det går utover verneverdiane, seier Hareide. Nasjonalparken og landskapsvernområda er til saman i underkant av 600 km2. Sjølve nasjonalparken er 545,2 km2, og blir den femte største nasjonalparken sør for Dovre. Folgefonna nasjonalpark er den 25. nasjonalparken som er oppretta i Noreg. Til no er omlag 12,3 prosent av fastlandet verna. Innan 2010 skal omlag 14 prosent av landet vere verna i samsvar med nasjonalparkplanen som Stortinget har slutta seg til.