Serviceansvarleg driftsteknikar (maskin teknisk) Marknadsområde Hålogaland - Forsvarsbygg utleie

Forsvarsbygg er eit forvaltningsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsbygg har som målsetjing å skape ei konkurransedyktig verksemd som kan levere etterspurde tenester innan eigedom, bygg og anlegg til marknadsretta prisar. Forsvarsbygg har Forsvaret som sin største og viktigaste kunde, men er ikkje ein del av Forsvaret sin militære organisasjon.Forsvarsbygg Utleie er Noregs største eigedomsforvaltar. Gjennom vårt unike nettverk og kompetanse sikrar vi leveransar over helie landet. Vår viktigaste oppgåve er å skapa trivsel for våre brukarar og beboarar.

FirmaForsvarsbygg utleie
Fylke
Søknadsfrist13.01.2012

 

 

Arbeidsoppgåver

  • Vere i løpande kontakt og dialog om status med representantar for kunden og brukarar av bygg- og eigedomsmassen
  • Sjølv eller i samarbeid med andre utføre oppgåver innan drift og vedlikehald av bygningar, anlegg og tekniske installasjonar innanfor eige kompetanseområde
  • Formidle og følgje opp oppdrag utanfor eige kompetanseområde
  • Følgje opp tildelte arbeidsordrar
  • Gjere all regelbunden forbruksregistrering innan drift
  • Følgje opp internkontroll av tekniske anlegg
  • Følgje opp drifts- og vedlikehaldsoppdrag som blir utførte av eksterne leverandørar
  • Gje innspel til drifts- og vedlikehaldsplanar
  • Instruere/lære opp kunden sine representantar og brukarar i bruken av eigedomen og anlegga
  • Formidle kunden sine behov for vertskapstenester og utføre/følgje opp tenestene etter avtale
  • Delta i tverrfagleg samarbeid på marknadsområdet
  • Delta i heimevaktordning etter avtale
  • Alle driftsteknikarar kan påleggjast å arbeide ved andre avdelingar i marknadsområdet innanfor den einskilde sitt kompetanseområde etter instruks frå leiaren for Drift

 

Kvalifikasjonar

  • Vidaregåande utdanning eller tilsvarande
  • Relevant fagbrev
  • Røynsle frå drift og vedlikehald av EBA
  • Grunnleggjande kunnskap om og interesse for bruk av dataverktøy
  • Førarkort kl. B
  • Må kunne tryggleiksklarerast for nivå Hemmeleg
  • Ønskeleg med maskin teknisk bakgrunn.


Språk

  • Norsk

 

Personlege eigenskapar

  • Omgjengeleg og motivert
  • Ryddig og representativ åtferd
  • Det vil bli lagt særleg vekt på personlege eigenskapar og at personen er eigna til stillinga

 

 

Arbeidsstad

  • 9442 Ramsund

 

 

 

søk her

https://www.webcruiter.no/wcmain/CvJobRespond1.aspx?oppdragsnr=1628167523&company_id=148783765&culture_id=NN-NO

Vis flere stillinger: