Vil jamnstille alle som byggjer studentbustader

Til dag får berre studentsamskipnader og nokre studentbustadstiftelsar unnatak frå krav om tilgjenge. Regjeringa ynskjer no innspel på forslaget om at alle som byggjer studentbustader skal få same unnatak.

– Det er viktig å byggje nok studentbustader. Difor ønskjer vi å gje unnatak frå nokre krav til tilgjenge for alle studentbustader uavhengig kven som byggjer, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I dag får berre studentbustader som blir bygde av studentsamskipnader og nokre studentbustadstiftelsar unnatak frå krav til tilgjenge. No vil regjeringa at alle som byggjer studentbustader skal kunne få dei same unnataka. For å nytte seg av unnataket om tilgjenge må utbyggjar garantere at bustaden skal nyttast som studentbustad i 10 eller 20 år.

– Målet er at det skal bli enklare og rimelegare for alle å byggje studentbustader. Studentbustader er mellombelse bustader der det i hovudsak bur unge menneske. Eg meiner difor at det er tilstrekkeleg at berre 20 prosent av studentbustadene i kvart kompleks må fylle alle krav til tilgjenge, seier Navarsete.