Landskapsarkitekt - Førde, Nordfjordeid, Ålesund eller Vågå

Nordplan vart etablert i 1987. Vi er eit fleirfagleg kompetansemiljø som utfører:

- Arkitekttenester
- Landskapsarkitekttenester
- By- og arealplanlegging
- Bygge- og anleggsteknisk prosjektering
- Brannteknisk prosjektering
- Prosjektadministrasjon. Vi har hovudkontor på Nordfjordeid, avdelingskontor i Førde, Ålesund og Vågå.

 Nordplan har etablert ein god posisjon i marknaden, basert på kvalitetsbevisst design og arkitektur, avansert bruk av informasjonsteknologi og eit sterkt fokus på kostnader.  

FirmaNordplan AS
FylkeMøre og Romsdal
StedFørde, Nordfjordeid, Ålesund eller Vågå
Søknadsfrist14.01.2013

Du bør
·
Ynskje å arbeide i eit fleirfagleg miljø
· Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
· Vere resultatorientert
· Vere sosial og omgjengeleg, med godt humør
· Ha positivt fokus på kunden og hans behov
· Ha erfaring frå fagområdet i privat og/eller offentleg sektor

 

Vi tilbyr
· Fleksibel arbeidstid
· Konkurransedyktig løn
· Faglege utfordringar, spennande arbeidsoppgåver
· Avanserte dataverkty, som AutocadRevit, Novapoint m/Veg, Areal, Landskap, VirtualMap
· Godt arbeidsmiljø, trivelege arbeidskollegaer
· Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Søknad skal sendast til post@nordplan.no, mrk "jobbsøknad".