Havhestsak kan koste Flora fire millionar

Det kan enno vere ein viss sjanse for forlik mellom Flora kommune og Skanska ASA om Havhesten. Taper kommunen ankesaka i lagmannsretten, kan kommunen ha brukt 4 millionar til inga nytte, skriv Firdaposten.

Sjansane for forlik minkar for kvar dag som går. Ankesaka er sett opp for lagmannsretten 6. juni. Ankesaka er sett opp med ni dagar, der dei fire første skal gå i Florø og siste veka for retten i Bergen. Vore kontakt Kommuneadvokat Jo Dale Pedersen stadfestar at det har vore kontakt mellom partane, utan at det har vore direkte utspel om forlik frå nokon av partane. Han vil derimot ikkje seie noko om kven som har kontakta kven. Det er Flora kommune som har anka saka, etter at Selmer Skanska ASA som selskapet då heitte, vann bortimot ein full siger i tingretten. Skanska-selskapet måtte berre svare for heilt marginale summar, medan Flora kommune vart dømd til å betale storparten av sakskostnadene til motparten. Hittil har den store rehabiliteringa med sakskostnader kosta kommunen nærare 14 millionar. Krev 11 millionar Kommunen krev no 11 millionar kroner av Skanska ASA. Ein sum som byggjer på eit reint erstatningskrav på sju millionar som med rente har stige til 11 millionar kroner. Denne gongen gjeld kravet berre erstatning for lekkasjane. Kommunen har ikkje gått vidare med dei såkalla konstruksjonsfeila som også var framme som krav i tingretten.