Rådgjevar innan kulturminnefag - Forsvarsbygg nasjonale festningsverk

Den beste arbeidsplassen er den som fungerar som vidareutdaning. Slik tenkjer vi, og det trur vi du gjer også. I Forsvarsbygg nyttar vi mykje ressursar på å utvikle medarbeidarar og leiarar. Det er naudsynt for å halde på dei beste, og det er naudsynt for å plassere oss der vi ønskjer å vere, som leiande i bransjen.

Forsvarsbygg er Noregs største offentlege eigedomsaktør og forsvarssektoren sin eigen ekspert på eigedom. Ingen kan meir enn oss om Forsvaret sitt særskilde behov. Vi byggjer og tek hand om mange av landets mest særeigne og krevjande bygg, me er heim for menige og befal og me medverkar til trivsel på tusenvis av arbeidsplassar.

FirmaForsvarsbygg Nasjonale festningsverk
FylkeOslo
Søknadsfrist18.12.2012

Som tilsett i Forsvarsbygg Nasjonale festningsverk blir du ein del av eit profesjonelt og moderne eigedomsmiljø med spisskompetanse på kulturarenautvikling og kulturminnevern.

Seksjon Kulturminne utfører kulturminnefaglege tenester for forsvarssektoren og annan offentleg sektor. I Forsvarsbygg har seksjonen ansvaret for kontakt med Riksantikvaren og for å gje råd til andre einingar i kulturminnefaglege spørsmål. Verksemda er oppdragsbasert, og utgjer ei eiga resultateining. I tillegg til våre eigne medarbeidarar samarbeider vi med andre einingar i Forsvarsbygg og med eksterne samarbeidspartnarar. Seksjonen tilpassar verksemda si til oppdragssituasjonen, noko som krev full fleksibilitet når det gjeld arbeidsoppgåver.

Stillinga er mellombels for eitt år, med moglegheit for forlenging og overgang til fast stilling.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som gjennom den personlege og faglege kompetansen sin kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.


Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling og rådgjeving innan kulturminnespørsmål
  • Forvaltingsplanar

 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på bachelor-/høgskulenivå eller høgare innanfor arkitektur, kulturhistoriske eller bygningstekniske fag
  • Røynsle frå arbeid med kulturminneforvalting er ynskjeleg
  • Alle søkjarar må fylle krava for tryggleiksklarering for nivået konfidensielt

 

Vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode velferdsordningar
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, og såleis gode lånevilkår og gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løna for stillinga avheng av kandidaten sin kompetanse, og følgjer lønsregulativet til staten: Rådgjevar (kode 1434), Seniorrådgjevar (kode 1364), Overarkitekt (kode 1094), Seniorarkitekt (kode 1182), Overingeniør (kode 1087) og Senioringeniør (kode 1181)

 

Andre opplysningar

  • Vikariat
  • Tal på stillingar: 1

 

Utdanningsretning

  • Bygg og anlegg
  • Arkitekt/design
  • Kunst

 

Personlege eigenskapar

  • Systematisk
  • Initiativrik
  • Gode samarbeidsevner
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

 

 

Kontaktinformasjon:

Marte Oftedal, seniorarkitekt/fung. seksjonsleiar - 952 48 674

 

Søk stilling:

 

https://www.webcruiter.no/wcmain/CvJobRespond1.aspx?oppdragsnr=1631936895&company_id=148783730&culture_id=NN-NO

Vis flere stillinger: