Gjennomslag i Eikåstunnelen

Eikåstunnelen på E39 Vågsbotn-Hylkje er ein to-løps tunnel, og sist fredag vart siste gjennomslagssalva avfyra.

Dermed kan du sjå tvers gjennom Eikåsen på to plassar etter som tunnelane er ganske beine.

Feiring med måte
Det var ikkje lagt opp til noko stort arrangement, men prosjektleiar Steinar Eide spanderte julebrus på røysa. Og etterpå vart det marsipankake til tunnelgjeng og byggeleiing på anleggskontoret til Implenia as, som har hovudentreprisen.

Vidare arbeid
Tunnelane er sikra etter kvart som dei har arbeidd seg gjennom åsen, berre dei siste metrane står att. Elektrofirmaet OneCo er i gang med kabelarbeid for lyskrysset på Haukås. Seinare skal dei montere alt av elektrisk utstyr i tunnelane.

Komande trafikkomleggingar
I løpet av komande helg er det planlagt å starte omlegginga frå gamal til ny trasé i Haukåskrysset. Denne omlegginga vil skje etappevis og i fasar av omsyn til ulike arbeidsoperasjonar undervegs, og vert annonsert med skisser i avisene.

Til våren skal vegen leggast om også på vågsbotn-sida. Her vil gamle E39 ta litt til høgre og svinge over tunnelportalane til Eikåstunnelen før den går inn att i dagens trasé.