Arbeidet på Filefjell startar opp att

Statens vegvesen har gjeve klarsignal om at Mesta Entreprenør AS kan starte opp att arbeidet på E16 mellom Smedalsosen og Borlaug. Arbeid ute på anlegget vart stogga førre fredag.

- Etter tre alvorlege arbeidsulukker fekk Mesta pålegg om å stogge alt arbeid ute på anlegget på E16, heiter det i ei melding frå Statens vegvesen. Fjellsikring, betongarbeid og arbeid i tunnel kunne halde fram. Før dei kunne starte opp att måtte Mesta dokumentere at HMS-systemet fungerer.

Etter at ha revidert HMS-systemet og lagt fram tilstrekkeleg dokumentasjon på at systematikken er god nok har Statens vegvesen gjeve klarsignal til at entreprenøren kan ta opp att arbeidet.

- Vi påpeika konkrete manglar ved HMS-systemet, og entreprenøren har no levert dokumentasjon på at systemet er revidert og oppdatert. Entreprenøren har og dokumentert at HMS-systemet blir brukt i det daglege arbeidet, seier Kjartan Hove, prosjektsjef i Statens vegvesen.

Innan 14 dagar skal det gjerast ein utsjekk på prosjektet for å sikre at systemet fungerer. Denne gjennomgangen vert utført av Statens vegvesen.