Internkontrollar - Forsvarsbygg kampflybase

Forsvarsbygg kampflybase er byggherre for etableringa av ny kampflybase i Noreg. Prosjektet skal koordinere og leie all aktivitet i samband med planlegging og etablering for forsvarssektoren og i høve til alle relevante styresmakter og samfunnet for øvrig.

Vi er i gang med å etablere prosjektgruppa for det vi reknar for det største byggjeprosjektet i Forsvarsbygg si historie. Vi søkjer etter ein høgt kvalifisert internkontrollar som kan hjelpe leiinga med å halde høg kvalitet i alle delar av prosessen, frå tidlegfasen til ferdige bygg og anlegg.

Gjennom god internkontroll og risikostyring skal vi sikre måloppnåing, at lover og reglar blir følgde og at prosessane våre blir stendig betre. Internkontrollen er retta mot Forsvarsbygg sine investeringsprosjekt innanfor eigedom, bygg og anlegg.

Stillinga rapporterer til direktøren for Forsvarsbygg kampflybase.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som gjennom den personlege og faglege kompetansen sin kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb

FirmaForsvarsbygg kampflybase
Fylke
Søknadsfrist09.12.2012

Arbeidsoppgåver

 

Arbeidsstad Oslo/ Ørland. Ein må rekne med reising.


Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå
  • Røynsle innan revisjon eller jus og/eller prosess-/kvalitetsleiing er ei føremon
  • Det er ynskjeleg med gode kunnskapar om offentleg forvalting og anskaffingar/kontraktar
  • Stillinga krev tryggleiksklarering for nivå Hemmeleg


Språk

  • Norsk


Arbeidsstad

  • Grev Wedels plass 5,
    0103 Oslo
  • Oslo
  • Ørland

 



Kontaktinformasjon:
Finn-Øyvind Langfjell Stabssjef, Forsvarsbygg kampflybase, tlf.  906 23 621

 

https://www.webcruiter.no/wcmain/CvJobRespond1.aspx?oppdragsnr=1620512990&company_id=1376513050&culture_id=NN-NO

Vis flere stillinger: