Kommunikasjonsrådgjevar - Forsvarsbygg kampflybase

Den beste arbeidsplassen er den som fungerar som vidareutdaning. Slik tenkjer vi, og det trur vi du gjer også. I Forsvarsbygg nyttar vi mykje ressursar på å utvikle medarbeidarar og leiarar. Det er naudsynt for å halde på dei beste, og det er naudsynt for å plassere oss der vi ønskjer å vere, som leiande i bransjen.

Forsvarsbygg er Noregs største offentlege eigedomsaktør og forsvarssektoren sin eigen ekspert på eigedom. Ingen kan meir enn oss om Forsvaret sitt særskilde behov. Vi byggjer og tek hand om mange av landets mest særeigne og krevjande bygg, me er heim for menige og befal og me medverkar til trivsel på tusenvis av arbeidsplassar.

FirmaForsvarsbygg kampflybase
FylkeOslo
StedOslo og Ørland
Søknadsfrist09.12.2012

Forsvarsbygg kampflybase er byggherre for etableringa av ny kampflybase i Noreg. Prosjektet skal koordinere og leie all aktivitet i samband med planlegging og etablering for forsvarssektoren og i høve til alle relevante styresmakter og samfunnet for øvrig.

Vi er i gang med å etablere prosjektgruppa for det vi reknar for det største byggjeprosjektet i Forsvarsbygg si historie, og skal no tilsetje opp til to kommunikasjonsrådgjevarar. Kommunikasjonsrådgjevarar rapporterer til kommunikasjonssjefen.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som gjennom den personlege og faglege kompetansen sin kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb


Arbeidsoppgåver



  • Arbeidsstad Ørland/Oslo. Ein må rekne med reising.

 

Kvalifikasjonar

  • Treårig kommunikasjonsfagleg utdanning frå universitet eller høgskule (journalistikk, kommunikasjon, marknadsføring eller annan relevant bakgrunn)
  • Relevant røynsle frå kommunikasjonsverksemd eller journalistikk
  • Kunnskap om og interesse for sosiale medium
  • Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Fotokunnskap er ei føremon
  • Kjennskap til forvaltning av informasjon i offentleg sektor er ein fordel
  • Stillinga krev tryggleiksklarering for nivå Hemmeleg

 

Språk

  • Norsk

 

Arbeidsstad

  • Ørland Flystasjon,
    7129 Brekstad
  • Oslo
  • Ørland

 

Utdanningsnivå

  • Høyskule/universitet,Diplom / Bachelorgrad

 

Personlege eigenskapar

  • Initiativrik, sjølvgåande og fleksibel
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Ansvarsmedviten
  • Nøyaktig
  • Samfunnsengasjert
  • Det vil bli lagt særleg vekt på at personen er eigna til stillinga
  • Evne til å handtere ein hektisk arbeidssituasjon med mange parallelle saker

 

Vi tilbyr

  • Løn som rådgjevar (kode 1434) eller seniorrådgjevar (kode 1364) etter lønsregulativet til staten
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, og såleis ei god bustadlånsordning og gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Ein utfordrande jobb i eit dynamisk selskap
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

 

Kontaktinformasjon:

Heidi Kronberget Sørskog, kommunikasjonssjef Forsvarsbygg kampflybase - 91 86 31 77

 

Søk stilling:

https://www.webcruiter.no/wcmain/CvJobRespond1.aspx?oppdragsnr=1620603886&company_id=1376513050&culture_id=NB-NO

Vis flere stillinger: