Hardangerbrua på Discovery Channel

Laurdag 24. november kl. 07.50 syner den norsk-teksta delen av Discovery Channel ein kring 10 minutts film om bygging av Hardangerbrua.

Innslaget kjem i serien «Korleis gjer dei det?», og fortel for det meste om prosessen med spinning av brukabel. Opptaka på byggjeplassen vart gjort før jul 2011, og det er også innslag frå produksjon av kabeltråd til Hardangerbrua ved fabrikken i England.

Filmen byggjer i nokon grad på Statens vegvesen sine eigne video-opptak gjennom prosjektperioden. Dessutan nyttar Discovery noko av animasjonsfilmen som Statens vegvesen har laga av ein tur over den «ferdige» brua, melder vegvesen.no.