Driftsteknikar varmesentralar/fjernvarmeanlegg Skjold leir Marknadsområde nord - Forsvarsbygg utleie

FirmaForsvarsbygg Utleie
FylkeTroms
StedSkjold, Øverbygd
Søknadsfrist06.12.2012

Ved Marknadsområde nord er det ledig fast stilling som driftsteknikar (kode 1136), knytt til varmesentralar/fjernvarmeanlegg med arbeidsstad Skjold leir. Stillinga rapporterer til serviceleiar/arenaleiar Skjold leir.

I stillinga som driftsteknikar er du marknadsområdet sitt viktigaste kontaktledd mot leigetakaren sine brukarar av eigedomen. Du skal syte for at brukarane har tilfredsstillande EBA-løysingar etter sine behov. Du skal uoppmoda identifisere feil og manglar og ta initiativ til å rette dei opp, og snarast vidareformidle og følgje opp gjennomføringa av førespurnader som du ikkje sjølv kan ta avgjerder om.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar gjennom den personlege og faglege kompetansen sin kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb


Arbeidsoppgaver



  • Alle driftsteknikarar kan påleggjast å arbeide ved andre avdelingar i marknadsområdet innanfor den einskilde sitt kompetanseområde etter instruks frå leiaren for Drift

 

 

Utdanningsnivå

  • Fagskole / fagbrev (2 år)
  • Videregående skole

 

Personlige egenskaper

  • Utadvent og motivert
  • Ryddig og representativ adferd
  • Personlige egenskaper og egnethet vil bli særlig vektlagt.

 

Kvalifikasjoner

  • Vidaregåande utdanning eller tilsvarande
  • Fagbrev som elektrikar gr. L
  • Eventuelt anna fagbrev eller formell bakgrunn i kombinasjon med brei røynsle frå større fyrsentralar, fjernvarmeanlegg og liknande
  • Vaktmeisterskule eller tilsvarande (ynskjeleg, kan takast etter tilsetjing)
  • Røynsle frå drift og vedlikehald av EBA
  • Grunnleggjande kunnskap om og interesse for bruk av dataverktøy
  • Førarkort kl. B

 

Vi tilbyr

  • Løn som driftsteknikar (kode 1136) etter lønsregulativet til staten
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Forsvarsbygg sin vaktmeisterskule

 

 

Søk stilling:

https://www.webcruiter.no/wcmain/CvJobRespond1.aspx?oppdragsnr=1563117655&company_id=148783765&culture_id=NN-NO


Vis flere stillinger: