Serviceansvarleg driftsteknikar røyrleggjar Marknadsområde nord - Forsvarsbygg utleie

Forsvarsbygg er eit forvaltningsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsbygg har som målsetjing å skape ei konkurransedyktig verksemd som kan levere etterspurde tenester innan eigedom, bygg og anlegg til marknadsretta prisar. Forsvarsbygg har Forsvaret som sin største og viktigaste kunde, men er ikkje ein del av Forsvaret sin militære organisasjon.

Forsvarsbygg utleie er Noregs største eigedomsforvaltar. Gjennom vårt unike nettverk og kompetanse sikrar vi leveransar over helie landet. Vår viktigaste oppgåve er å skapa trivsel for våre brukarar og beboarar.

FirmaForsvarsbygg Utleie
FylkeTroms
StedSkjold
Søknadsfrist06.12.2012

Ved Marknadsområde nord er det ledig fast stilling som serviceansvarleg driftsteknikar – røyrleggjar (kode 1136) med arbeidsstad Skjold leir. Stillinga rapporterer til serviceleiar/arenaleiar Skjold leir.

I stillinga som driftsteknikar er du marknadsområdet sitt viktigaste kontaktledd mot leigetakaren sine brukarar av eigedomen. Du skal syte for at brukarane har tilfredsstillande EBA-løysingar etter sine behov. Du skal uoppmoda identifisere feil og manglar og ta initiativ til å rette dei opp, og snarast vidareformidle og følgje opp gjennomføringa av førespurnader som du ikkje sjølv kan ta avgjerder om.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar gjennom den personlege og faglege kompetansen sin kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb


Arbeidsoppgaver

  • Vere i løpande kontakt og dialog om status med representantar for kunden og brukarar av bygg- og eigedomsmassen
  • Sjølv eller i samarbeid med andre utføre oppgåver innan drift og vedlikehald av bygningar, anlegg og tekniske installasjonar innanfor eige kompetanseområde
  • Formidle og følgje opp oppdrag utanfor eige kompetanseområde
  • Følgje opp tildelte arbeidsordrar
  • Gjere all regelbunden forbruksregistrering innan drift
  • Følgje opp internkontroll av tekniske anlegg
  • Følgje opp drifts- og vedlikehaldsoppdrag som blir utførte av eksterne leverandørar
  • Gje innspel til drifts- og vedlikehaldsplanar
  • Instruere/lære opp kunden sine representantar og brukarar i bruken av eigedomen og anlegga
  • Formidle kunden sine behov for vertskapstenester og utføre/følgje opp tenestene etter avtale
  • Delta i tverrfagleg samarbeid på marknadsområdet
  • Delta i heimevaktordning etter avtale
  • Alle driftsteknikarar kan påleggjast å arbeide ved andre avdelingar i marknadsområdet innanfor den einskilde sitt kompetanseområde etter instruks frå leiaren for Drift

 

Utdanningsnivå

  • Fagskole / fagbrev (2 år)
  • Videregående skole

 

Personlige egenskaper

  • Omgjengeleg og motivert
  • Ryddig og representativ åtferd
  • Det vil bli lagt særleg vekt på personlege eigenskapar og at personen er eigna til stillinga

 

Kvalifikasjoner

  • Vidaregåande utdanning eller tilsvarande
  • Fagbrev som røyrleggjar
  • Andre kombinasjonar av fagbrev og kompetanse vil bli vurderte
  • Røynsle frå drift og vedlikehald av røyrtekniske installasjonar er ynskjeleg
  • Røynsle frå drift og vedlikehald av EBA
  • Grunnleggjande kunnskap om og interesse for bruk av dataverktøy
  • Førarkort kl. B
  • Må kunne tryggleiksklarerast for nivå Hemmeleg

 

Vi tilbyr

  • Løn som driftsteknikar (kode 1136) etter lønsregulativet til staten
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Forsvarsbygg sin vaktmeisterskule

 

 

 

Søk stilling:

https://www.webcruiter.no/wcmain/CvJobRespond1.aspx?oppdragsnr=1563112551&company_id=148783765&culture_id=NN-NO


Vis flere stillinger: